Russell Alan Hulse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Russell Alan Hulse

Fødd28. november 1950 (73 år)
New York i USA
NasjonalitetAmerikansk
Områdefysikk
Yrkeastronom, fysikar, astrofysikar, forskar
InstitusjonarPrinceton University
University of Texas at Dallas
Alma materUMass Amherst
DoktorgradsrettleiarJoseph Hooton Taylor
MedlemAmerican Association for the Advancement of Science

Russell Alan Hulse (fødd 28. november 1950) er ein amerikansk fysikar.

Hulse mottok Nobelprisen i fysikk i 1993, saman med sin landsmann Joseph Taylor jr., for oppdaginga av ein ny type pulsar, ei oppdaging som opna nye høve for studiet av gravitasjon.

Hulse, og hans tidlegare lærar Taylor, oppdaga den første binære pulsaren i 1974. Pulsarar er raske roterande nøytronstjerner som sender ut korte regelmessige puls av radiostråling. Uregelmessigheita i pulsane frå pulsaren PSR 1913+16 fekk dei til å dra konklusjonen om at denne pulsaren hadde ein følgjesvein i form av ei anna nøytronstjerne som svevde rundt i ein tett bane.

Oppdaginga av denne pulsaren gjorde det òg mogeleg å kunne oppdage gravitasjonsbølgjer for første gong. Det samla sterke gravitasjonsfelt til dei to stjernene påverkar frekvensen på radiopulsane som vert sende ut, og Taylor og Hulse kunne vise at stjernene roterte mykje raskare nær kvarandre. Det vart foreslått att dette kom av at stjernene taper energi når dei sender ut gravitasjonsbølgjer. Dette var det første eksperimentelle beviset på gravitasjonsbølgjer eksisterer, etter at det vart foreslått av Albert Einstein i relativitetsteorien hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]