Saul Perlmutter
Saul Perlmutter (fødd 22. september 1959) i Campaign County i Illinois er ein amerikansk astrofysikar ved Lawrence Berkeley National Laboratory. Han er kjend for å ha leia Supernova Cosmology Project, eitt av de to forskarlaga som i 1998 samtidig fann belegg for at ekspansjonen til universet synes å akselerere.[1] Denne oppdaginga gav opphav til hypotesen om mørk energi. I 2011 vart Perlmutter tildelt Nobelprisen i fysikk for oppdaginga av akselerasjonen til det ekspanderande universet gjennom observasjonar av fjerne supernovaer.[2] Perlmutter vart tildelt halvparten av prisen, medan Adam Riess og Brian Schmidt delte den andre halvparten. Perlmutter studerte ved Harvard University der han avla eksamen i 1981. Han har ein filosofisk doktorgrad frå University of California (1986) og er medlem i American Academy of Arts and Sciences.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Saul Perlmutter» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ {{Kjelde artikkel|forfattar = S. Perlmutter et al. (The [[Supernova Cosmology Project|}}|publikasjon = Astrophysical J.|nummer = 517|sider = 565–86|dato= 1999|tittel = Measurements of Omega and Lambda from 42 high redshift supernovae|url = http://www.arxiv.org/abs/astro-ph/9812133%7Cformat = subscription required|doi = 10.1086/307221}}
- ↑ http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/physics/laureates/2011/press.html
