Johannes Georg Bednorz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johannes Georg Bednorz
Ibmgb.jpg
Fødd 16. mai 1950 (64 år)
Neuenkirchen i Nordrhein-Westfalen i Tyskland
Nasjonalitet Tysk
Doktorgradsrettleiar Karl Alexander Müller
Kjend for Høgtemperatur-superleiar
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1987)

Johannes Georg Bednorz (fødd 16. mai 1950) er ein tysk fysikar og nobelprisvinnar. Bednorz mottok Nobelprisen i fysikk i 1987, saman med Karl Alexander Müller, «for det viktige gjennombrotet deira i oppdaginga av superleiing i keramiske materiale».

I 1968 starta Bednorz studiane sine i mineralogi ved Universitetet i Münster. Etter å ha jobba ein stund ved IBMs lab i Zürich starta han på sin filosofiske doktorgrad ved EHT Zürich, rettleia av professor Heini Gränicher og Karl Alexander Müller (som var professor ved ETH Zürich i tillegg til å jobbe for IBM).

I 1982 flytta han tilbake til IBMs lab i Zürich. Der deltok han i Müllers pågåande forsking på superleiing.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. J. G. Bednorz and K. A. Müller (1986). «Possible high Tc superconductivity in the Ba−La−Cu−O system». Z. Physik, B 64 (1): 189–193. Bibcode 1986ZPhyB..64..189B. doi:10.1007/BF01303701.