Charles K. Kao
| Charles Kuen Kao | |
| Fødd | 4. november 1933 (78 år) Shanghai i Kina[1] |
|---|---|
| Bustad | Shanghai i Kina (1933–1948) Hongkong England (1952–1970) USA |
| Nasjonalitet | Amerikansk Britisk[1] |
| Område | Optikk Elektroteknikk |
| Institusjonar | Chinese University of Hong Kong ITT Corporation Standard Telephones and Cables |
| Alma mater | University College London Woolwich Polytechnic St. Joseph's College, Hongkong (1952) |
| Doktorgradsrettleiar | Harold Barlow |
| Kjend for | Fiberoptikk Fiberoptisk kommunikasjon Telekommunikasjon |
| Utmerkingar | IEEE Morris N. Liebmann Memorial-prisen (1978) IEEE Alexander Graham Bell-medaljen (1985) Marconiprisen (1985) Faradaymedaljen (1989) Japanprisen (1996) Nobelprisen i fysikk (2009) |
Charles K. Kao (fødd 4. november 1933) er ein pioner innan utvikling og bruk av fiberoptikk innan telekommunikasjon. Kao blir allment rekna som grunnleggaren av fiberoptikk. Han vart tildelt halvparten av Nobelprisen i fysikk for 2009 på grunn av sin «banebrytande innsats vedrøyrende overføring av lyset innan optisk fiber for kommunikasjon».
Han fullførte vidaregåande opplæring i 1952 ved St. Joseph's College i Hongkong. Han gjorde studiane sine på lågare grad innan elektroteknikk ved University of Greenwich og har fått sin bachelorgrad utstedt frå University of London.
Kao var visekanslar ved det kinesiske universitetet i Hongkong frå 1987 til 1996. Etter han slutta ved CUHK i 1996 tok Kao ein 6 månader lang pause ved Imperial College London Department of Electric and Electronic Engineering.
Kao jobba deretter som styreformann og administrerande direktør i Transtech Services Ltd, eit telekommunikasjon konsulentselskap i Hongkong. Han var òg grunnleggar, styreformann og administrerande direktør i ITX Services Limited. Frå 2003 til 2009 var Kao uavhengig styremedlem og medlem av Revisjonskomiteen av Neste Media.
Sidan 1991 har Kao vore uavhengig styremedlem og medlem av revisjonskomiteen i Varitronix International Limited som ligg i Hongkong. I 2000 grunnla Kao Independent Schools Foundation Academy (ISF), som ligger i Cyberport, Hongkong.
Kao vart diagnostisert med Alzheimers sykdom tidlig i 2004 og har vanskar med å kunne snakke, men han har foreløpig ingen problem med å gjenkjenne folk eller adresser. Kao og hans ektefelle ønsket å donere ein del av premiepengane han vart tildelt i samband med Nobelprisen til forsking på aldring og omsorg.
Kao vart i 2010 utnemnd til riddarkommandør av Order of the British Empire for fortenestene innan fiberoptikk og kommunikasjon.[2]
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Charles K. Kao» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 The Nobel Prize in Physics 2009 - Press Release. Nobel Foundation. 2009-10-06.
- ↑ Queen's Birthday Honours List 2010, directgov.gov.uk,