Paul Dirac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paul Adrien Maurice Dirac
Dirac 4.jpg
Fødd Bristol, England
Død Tallahassee, Florida, USA
Nasjonalitet Sveitsisk (til 1919)
Britisk (frå 1919)[1]
Institusjonar University of Cambridge
Florida State University
Kjend for Diraclikninga
Diracs deltafunksjon
Fermi–Dirac-statistikk
Dirac-måling

Nobelprisen

Nobelprisen i fysikk
1933

Paul Adrien Maurice Dirac (8. august 190220. oktober 1984) var ein britisk fysikar fødd i Bristol. Etter studium ved Saint John's College i Cambridge vart Dirac lucasiansk professor i matematikk ved Universitetet i Cambridge i 1932. Allereie medan han endå var student, såg han for seg ein særs elegant formalisme, som gav ei ny forklaring av kva kvantetilstandane i kvanteteorien eigenleg er, ved å identifisere dei med vektorar i eit Hilbertrom. Denne formalismen gjorde det mogleg å sameine dei to formuleringane av kvantemekanikken som fanst på dette tidspunktet, nemleg Schrödinger og de Broglies bølgjemekanikk og Heisenbergs matriseformulering.

Dirac er ein av grunnleggjarane av den relativistiske kvantemekanikken: Bølgjelikninga oppkalla etter Dirac, er den første formulering av kvanteteorien som er konsistent med relativitetsprinsippet. Med utgangspunkt i den relativistiske bølgjelikninga forutsa Dirac eksistensen av positronet, ein hypotese som seinare vart stadfesta ved oppdaginga av antimaterien.

Dirac bidrog òg til utarbeidinga av teorien for dei statistiske eigenskapane til kvantepartikler med halvtalig spinn, som vert kalla Fermi-Dirac-statistikk.

Dirac mottok saman med Erwin Schrödinger Nobelprisen i fysikk i 1933. Boka hans The Principles of Quantum mechanics (1930) er ei av dei mest grunnleggjande bøkene i kvanteteorien. Han døydde i Tallahassee i 1984.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Helge S. Kragh (1990) Dirac: a scientific biography, s. 2 – Cambridge University Press.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]