Martin Ryle
| Martin Ryle | |
| Fødd | 27. mars 1918 Brighton i England |
|---|---|
| Død | 14. oktober 1984 (66 år) Cambridge i England |
| Nasjonalitet | Britisk |
| Doktorgradsrettleiar | J. A. Ratcliffe |
| Kjend for | Radioastronomi |
| Utmerkingar | Hughesmedaljen (1954) Royal Medal (1973) Bruce-medaljen (1974) Nobelprisen i fysikk (1974) |
Martin Ryle (27. september 1918–20. oktober 1984 ) var ein britisk fysikar og nobelprisvinnar. Ryle og landsmannen Antony Hewish mottok Nobelprisen i fysikk i 1974 «for banebrytande arbeid innan radioastrofysikken: Ryle for observasjonane og oppfinningane sine, særskild apertursynteseteknikken, og Hewish for innsatsen sin ved oppdaginga av pulsarane».
Etter å ha teke ein fysikkgrad ved University of Oxford i 1939 jobba Ryle ved Telecommunications Research Establishment med design av antenner for flygande radarutstyr under andre verdskrigen. Etter krigen vart han partnar ved the Cavendish Laboratory.
Fokuset i hans tidlege arbeid ved Cambridge var på radiobølgjer frå sola. Ryle si interesse flytta seg derimot raskt til andre område og å utforske dei han tidleg bestemte at Cambridge-gruppa skulle utvikle nye observasjonsteknikkar for. Som eit resultat vart Ryle drivkrafta i etableringa og forbetringa av astronomisk interferometri og apertursyntese som har medverka til å oppgradere kvaliteten på radioastronomiske data.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Martin Ryle» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.