Emilio G. Segrè

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emilio Gino Segrè
Segre.jpg
Segrè's bilete frå ID-kortet frå Los Alamos.
Fødd 1. februar 1905
Tivoli i Italia
Død 22. april 1989 (84 år)
Institusjonar Los Alamos National Laboratory
University of California, Berkeley
University of Palermo
La Sapienza
Alma mater La Sapienza
Doktorgradsrettleiar Enrico Fermi
Kjend for Oppdaginga av antiproton
Oppdaginga av technetium
Oppdaginga av astat
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1959)

Emilio Gino Segrè (1. februar 190522. april 1989) var ein italienskfødd amerikansk fysikar. Det viktigaste arbeidet hans har vore innan kjernefysikk, kjernekjemi og elementærpartikkelfysikk. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1959 saman med Owen Chamberlain for oppdaginga av antiprotonet og saman med Perrier oppdaga han i 1936 grunnstoffet technetium, det første kunstig framstilte grunnstoffet. Seinare var han med på oppdaginga av grunnstoffet astat. I 1940 påviste han saman med Kennedy, Seaborg og Wahl plutoniumisotopen 239Pu og gjorde greie for fisjonseigenskapane til stoffet.

Han tok doktorgrad i Roma i 1928 og var elev av Enrico Fermi. Frå 1932 var han professor ved universitetet i Roma 1932, og 1936–38 professor og direktør for fysikklaboratoriet ved universitetet i Palermo. I 1938 mista han stillinga si og flytta til USA. Frå 1938 til 1943 var han forskar ved University of California, Berkeley, og 1943–46 var han gruppeleiar ved Los Alamos laboratoriet under Manhattanprosjektet. Frå 1946 og fram til 1972 var han professor i fysikk i Berkeley.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]