Pierre Curie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pierre Curie

Pierre Curie (15. mai 185919. april 1906) var ein fransk vitskapsmann, gift med Marie Curie som han delte eine halvdelen av Nobelprisen i fysikk med i 1903, for å ha oppdaga grunnstoffa radium og polonium. Han gjorde banebrytande arbeid innan krystallografi, magnetisme, piezoelektrisitet og radioaktivitet.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Curie var fødd i Paris. Han fekk undervising heime av far sin, og utvikla tidleg ei interesse for matematikk og geometri. 18 år gammal blei han laboratorieassistent ved Sorbonne. Der studerte han mellom anna oppbygginga av krystallar. Saman med broren Jacques oppdaga han piezoelektrisiteten.

I 1894 møtte han Marie Sklodowska. Dei gifta seg eitt år seinare og byrja eit fruktbart forskingssamarbeid som mellom anna førte til oppdaginga av to nye radioaktive grunnstoff, polonium og radium. Ved hjelp av magnetiske felt på strålinga frå radium påviste Pierre partiklar som var elektrisk positive, nøytrale og negative. Ernest Rutherford gav dei seinare nemningane alfa-, beta- og gammastrålar.

Pierre Curie blei lektor ved Sorbonne i 1900 og professor i 1904. I 1906 blei han påkøyrd i rue Dauphine i Paris og døydde momentant.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1910 ved radiologar å kalla opp radioaktivitetseininga curie etter Pierre Curie. I 1944 blei det nylaga grunnstoffet curium kalla opp etter ekteparet Curie. I 1995 blei oska av Pierre og Marie lagt til kvile i Panthéon i Paris, der dei mest heidra franskmennene ligg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pierre Curie