DS «Ernst» (1908)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: D/S Ernst
Eigar: Ångfartygs-A/B Labora (W. Lundquist)
Verft: Gøteborgs Nya Verkstad AB i Gøteborg i Sverige
Verftsnummer: 300
Jomfrutur: juni 1908
Heimehamn: Gøteborg i Sverige
Kjennemerke: MKVS
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 633 brt, 346 nrt
Daudvekt: 830 tdw.
Lengd: 171 fot (52.1 m)
Breidd: 28.4 fot (8.7 m)
Djupgang: 11.4 fot (3.5 m)
Installert effekt : 400 iHk
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Richardsons, Westgarth & Co, Middlesborough)
Fart: 10 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: D/S Edna
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Februar 1916 for 277 998 kr[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Germany.svg Tyskland
Namn: D/S Wisla
Eigar: Schiffahrtsreederei Sarmacja
Kjøpt: 1921
Heimehamn: Danzig i Tyskland
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: D/S Runa
Eigar: Ångfartygs-A/B Nornan
Kjøpt: 1927
Heimehamn: Gøteborg
Generelle mål Etter ombygging i 1927
Tonnasje: 783 brt, 418 nrt
Daudvekt: 1000 tdw.
Lengd: 185,1 fot (56,4 m)
Breidd: 28,4 fot (8.7 m)
Djupgang: 11,4 fot (3.5 m)
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: D/S Runa
Eigar: Rederi A/B Halland & Nornan
Kjøpt: 1928
Heimehamn: Gøteborg
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: D/S Runa
Eigar: Rudolf Hedberg, frå 1934 A/B R-Hedberg & Co.
Kjøpt: 1933
Heimehamn: Gøteborg
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: D/S Runa
Eigar: Rudolf Hedberg
Kjøpt: 1934
Heimehamn: Gøteborg
Karriere Flag of Sweden.svg Sverige
Namn: D/S Runa
Eigar: Rederi A/B Banana (Sven Salen)
Kjøpt: 1935
Heimehamn: Stockholm
Karriere Flag of Chile.svg Chile
Namn: D/S Lontue
Eigar: Martinez, Pereira & Cie Ltd.
Kjøpt: 1936
Heimehamn: San Antonio i Chile
Lagnad: Opphogd 1960

D/S Ernst (kallesignal MKVS) var eit dampskip bygt i 1908 som lasteskip for Ångfartygs-A/B Labora i Gøteborg i Sverige. I 1915 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Ernst».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Gøteborgs Nya Verkstad AB i Gøteborg og levert i juni 1908.

I februar 1915 kjøpte BDS skipet for 277 998 kroner[1].[2] 19. oktober 1916 grunnstøytte skipet ved Whitby Rock og vart reparert ved Haugesund Mekaniske Verksted. I 1917 vart skipet rekvirert av The Shipping Controller i London og levert attende i 1919 då første verdskrigen var over.

Skipet vart i 1921 selt til Schiffahrtsreederei Sarmacja i Danzig i Tyskland og fekk namnet «Wisla». I 1927 kom det attende til Sverige, då det vart kjøpt av Ångfartygs-A/B Nornan i Gøteborg. Denne gongen fekk det namnet «Runa». Same året vart det forlenga med 14 fot og fekk større tonnasje. Alt året etter fekk skipet nye eigarar i Gøteborg, før det i 1935 hamna i Stockholm hos reiarlaget A/B Banana. I 1936 vart skipet til slutt selt til Chile, der det fekk namnet DS «Lontue» med heimehamn i San Antonio. Her var det i drift fram til det vart opphogd i 1960.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 633 brt, 346 nrt og lasteevna var 830 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 009 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av GNV. Oppgjeven yting var 400 iHk (indikerte hestekrefter), som gav ein toppfart på 10 knop knop.[1]

Etter ombygginga i 1927 vart tonnasjen auka til 783 brt og 418 nrt, medan lasteevna var 1 000 dødvekttonn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «D/S Edna». Sjøhistorie.no. Henta 24. april 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 24. april 2020.