DS «Wergeland» (1881)
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | DS «Wergeland» |
Eigar: | Jacob Christensen med fleire |
Verft: | Bergen Mekaniske Verksted |
Verftsnummer: | 58 |
Jomfrutur: | Juli 1881 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | JPFS |
Generelle mål | |
Tonnasje: | 528 brt, 308 nrt |
Daudvekt: | 660 tdw. |
Lengd: | 49,3 m |
Breidd: | 7,4 m |
Djupgang: | 4,0 m |
Installert effekt : | 274 iHk, 55 nHk |
Framdrift: | 2Cyl. compound dampmaskin (BMV) |
Fart: | 8,5 knop |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Wergeland» |
Eigar: | Harloff & Bøe med fleire |
Kjøpt: | 1887 |
Heimehamn: | Bergen |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Pallas» |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Kjøpt: | Mars 1894 for 77 913 kr.[1] |
Heimehamn: | Bergen |
Lagnad: | Forliste 1895 |
DS «Wergeland» (kallesignal JPFS) var eit dampskip bygt i 1881 som eit lasteskip for Jacob Christensen med fleire ved Bergen Mekaniske Verksted. I mars 1894 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt til «Pallas», men forliste alt året etter.
Dette var det andre skipet til BDS som heitte «Pallas». BDS hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Pallas er ein asteroide i solsystemet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]«Wergeland» vart levert i juli 1881 for Jacob Christensen med fleire i Bergen. I 1887 vart skipet kjøpt av Harloff & Bøe og i mars 1894 kjøpte Bergenske skipet for 77 000 kroner.[1]. Det fekk då namnet «Pallas».
7. april 1895 grunnstøytte «Pallas» ved Fladskjær under innseglinga til Bodø med rogn og tran og vart vrak.
Skipet
[endre | endre wikiteksten]Tonnasjen til skipet var ved levering 528 bruttoregistertonn og 308 nettoregistertonn og lasteevna var 660 dødvekttonn. Volumet på lasteromma var 510 kubikkmeter. 976 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tosylindra compound dampmaskin, levert av Bergen Mekaniske Verksted, med eit damptrykk på 65 psi. Oppgjeven yting var 274 iHk (indikerte hestekrefter) og 55 nHk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 8,5 knop.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
- For andre skip kalla «Pallas», sjå Pallas.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 23–24. Henta 12. mai 2019.
- ↑ 1,0 1,1 «D/S Venus». Sjøhistorie.no. Henta 12. mai 2019.