DS «Ryvingen» (1891)
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | DS «Ryvingen» |
Eigar: |
Jens Meinich & Co. (1891-1892) A/S Ryvingen (B.Heyerdahl) (1893-1895) Thv. Johnsen & Co. (1895-1905) |
Verft: | Grangemouth Dock Yard Co. i Grangemouth i Skottland |
Verftsnummer: | 142 |
Jomfrutur: | mars 1891 |
Heimehamn: | Kristiania |
Kjennemerke: | HFGP - MFRS |
Generelle mål | |
Type: | Lasteskip |
Tonnasje: | 539 brt, 245 nrt |
Daudvekt: | 700 tdw. |
Lengd: | 165,2 fot (50,4 m) |
Breidd: | 25,4 fot (7,7 m) |
Djupgang: | 11,3 fot (3,4 m) |
Installert effekt : | 94 nHk, 500 iHk |
Framdrift: | Triple 3 cyl. dampmaskin (Richardsons, Westgarth & Co, Middlesborough) |
Fart: | 10 knop |
Karriere | Island |
Namn: | DS «Ryvingen» |
Eigar: | Hans Hansen (Thv. Johnsen & Co.) |
Kjøpt: | november 1905 |
Heimehamn: | Akureyri i Island |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Ryvingen» |
Eigar: | Den Norske Creditbank (Fred Olsen) |
Kjøpt: | mars 1909 |
Heimehamn: | Kristiania |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Ryvingen» |
Eigar: | Peter Lindøe m.fl. |
Kjøpt: | oktober 1910 |
Heimehamn: | Haugesund |
Karriere | Noreg |
Namn: | DS «Lupus» |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Verft: | Grangemouth Dock Yard Co.,Grangemouth |
Kjøpt: | mars 1915 for 152 516 kr.-[1] |
Heimehamn: | Bergen |
Karriere | Det tyske riket |
Namn: | DS «Lupus» |
Eigar: | Reichskommisar fur Seeschiffahrts (Vereinigte Bugsier & Frachtschiffahrt A/G) |
Heimehamn: | Hamburg |
Karriere | Tyskland |
Namn: | DS «Elbe» |
Eigar: | Reichskommisar fur Seeschiffahrt |
Heimehamn: | Hamburg |
Lagnad: | Opphogd 1926 |
DS «Ryvingen» (kallesignal HFGP - MFRS) var eit dampskip bygt i 1891 som lasteskip for Jens Meinich & Co i Kristiania. I 1915 vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Lupus» før det i 1917 vart oppbrakt av den tyske ubåten «UC 43» og hamna på tyske hender.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Skipet vart bygt ved Grangemouth Dock Yard Co. i Grangemouth i Skottland og levert til Jens Meinich i mars 1891. I 1893 vart skipet overteke av A/S Ryvingen og B.Heyerdahl, før det i september 1895 vart selt til Thv. Johnsen & Co.
Hans Hansen kjøpte skipet i november 1905 og det fekk heimehamn på Akureyri på Island. I mars 1909 kom skipet attende til Noreg då Den Norske Creditbank og Fred Olsen tok over skipet. Peter Lindøe med fleire kjøpte skipet til Haugesund i juni 1910. I 1911 forliste skipet og sokk, men vart reparert ved Stavanger Støberi & Dok og fekk då heilt ny innreiing.
Det Bergenske Dampskibsselskab kjøpte skipet for 152 516 kroner i mai 1915[1][2] I januar 1917 vart skipet oppbrakt av den tyske ubåten «UC 43» i Den engelske kanalen og ført til tysk hamn og prisedømt. Skipet hadde då vore på reise frå Øyerhavn i Hardanger til Rotterdam med 300 tonn pyritt og 69 kassar fiskehermetikk. Det hamna då under Det tyske riket og Reichskommisar fur Seeschiffahrts med Hamburg som heimehamn. I 1921 fekk skipet namnet «Elbe». Skipet vart selt til R. Neugebauer & Co i Hamburg i 1926 for opphogging.
Skipet
[endre | endre wikiteksten]Tonnasjen til skipet var ved levering 539 brt, 245 nrt og lasteevna var 700 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 834 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Richardsons, Westgarth & Co i Middlesborough. Oppgjeven yting var 94 iHk (indikerte hestekrefter) og 500 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.[1] I 1903 fekk skipet ny donkeykjel og i 1909 ny hovudkjel ved Nylands verksted.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «D/S Castor». Sjøhistorie.no. Henta 25. april 2020.
- ↑ Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 25. april 2020.