Aleksej Abrikosov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aleksej Aleksejevitsj Abrikosov
AA Abrikosov ANL1.jpg
Aleksej Aleksejevitsj Abrikosov
Fødd 25. juni 1928
Moskva i Russiske SFSR i Sovjetunionen
Nasjonalitet Russisk
Område Fysikk
Institusjonar Landau Institute
Statsuniversitetet i Moskva
Argonne National Laboratory
Alma mater Statsuniversitetet i Moskva
Det russiske vitskapsakademiet
Kjend for Faststofffysikk
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (2003)

Aleksej Aleksejevitsj Abrikosov, russisk Алексей Алексеевич Абрикосов, (fødd 25. juni 1928) er ein russisk fysikar med viktige bidrag innanfor faststoffysikk.

Han tok doktorgraden i fysikk i 1951 ved Det fysiske instituttet i Moskva, og var seinare tilsett ved Landau-instituttet for teoretisk fysikk i Moskva. Frå 1991 har han vore tilsett ved Argonne National Laboratory i Illinois i USA. Abrikosov har særleg arbeidd innanfor faststoffysikk og oppdaga type-II superleiarar.

Abrikosov vart tildelt Leninprisen i 1966, Fritz Londons minnepris i 1972, og Den sovjetiske statsprisen i 1982. I 1989 mottok han Landauprisen frå Det russiske vitskapsakademiet. To år seinare, i 1991, vart Abrikosov tildelt Sony Corporation's John Bardeen Award.

Abrikosov er òg medlem av Royal Academy i London, og er medlem av American Physical Society, og i 2000 vart han valt til den prestisjefylte National Academy of Sciences. Han var ein av mottakarane av Nobelprisen i fysikk i 2003 saman med Vitalij Ginzburg og Anthony James Leggett, for teoriane sine om korleis ting kan oppføre seg ved ekstremt låge temperaturar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]