C.V. Raman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Venkata Raman
Tamil: சந்திரேசகர ெவங்கடராமன்
Sir CV Raman.JPG
Fødd 7. november 1888
Thiruvanaikaval i Tiruchirappalli i Britisk India
Død 21. november 1970 (82 år)
Bengaluru i Karnataka i India
Nasjonalitet Indisk
Kjend for Ramanspreiing
Utmerkingar Knight Bachelor (1929)
Nobelprisen i fysikk (1930)
Bharat Ratna (1954)
Lenins fredspris (1957)

Chandrasekhara Venkata Raman (Tamil: சந்திரேசகர ெவங்கடராமன்)) (7. november 188821. november 1970) var ein indisk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1930 «for arbeidet sitt med lyspreiing, og for effekten kalla opp etter han ». [1]

Raman vart professor i fysikk ved Universitetet i Calcutta i 1917. I 1929 vart han adla ved utnemning til Knight Bachelor og fekk tiltaleforma Sir. I 1934 vart Raman leiar for det indiske vitskapsakademiet, og i 1947 leiar for Raman Research Institute i Bangalore. I 1910-1921 arbeidde han hovudsakleg med akustiske undersøkingar, og gav viktige bidrag til teorien for verkemåten til strengeinstrument. Seinare utførte han omfattande undersøkingar over lysspreiing i væsker, og fann under dette i 1928 effekten som er kalla opp etter han, ramaneffekten.

CV Raman var onkel av Subrahmanyan Chandrasekhar, som òg vann ein nobelpris i fysikk.

Publikasjonar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • «The Small Motion at the Nodes of a Vibrating String», Nature, 1909
  • «The Maintenance of Forced Oscillations», Nature, 1910
  • «Photographs of Vibrational Curves», Philos. Mag., 1911
  • «The Maintenance of Forced Oscillations of a New Type», Philos. Mag, 1912
  • «Some Acoustical Observations», Bull. Indian Assoc. Cultiv. Sci., 1913
  • «The Dynamical Theory of the Motion of Bowed Strings», Bull. Indian Assoc. Cultiv. Sci., 1914
  • «On the Maintenance of Combinational Vibrations by Two Simple Harmonic forces», Phys. Rev., 1915
  • «On Discontinuous Wave-Motion - Part 1», Philos. Mag, 1916 (med S Appaswamair)
  • «The Maintenance of Vibrations in a Periodic Field of Force», Philos. Mag, 1917 (med A. Dey)
  • «On the 'Wolf-Note' in the Bowed Stringed Instruments», Philos. Mag., 1918
  • «An Experimental Method for the Production of Vibrations», Phys. Rev., 1919
  • «On the Sound of Splashes», Philos. Mag, 1920
  • «Whispering Gallery Phenomena at St. Paul's Cathedral», Nature (London) 1921 (med G.A. Sutherland)
  • «On Whispering Galleries», Indian Assoc. Cultiv. Sci., 1922
  • «The Subjective Analysis of Musical Tones», Nature (London), 1926
  • «A new type of Secondary Radiation», Nature, 1928
  • «The Indian Musical Drums», Proc. Indian Acad. Sci., 1935
  • «The Diffraction of Light by High Frequency Sound Waves: Part III: Doppler Effect and Coherence Phenomena», Proc. Indian Acad. Sci., 1936 (med N. S. Nagendra Nath)
  • «Acoustic Spectrum of Liquids», Nature (London), 1937 (med B.V. Raghavendra Rao)
  • «Light Scattering and Fluid Viscosity», Nature (London), 1938 (with B.V. Raghavendra Rao)
  • Aspects of Science, 1948
  • The New Physics: Talks on Aspects of Science, 1951
  • «The structure and optical behaviour of iridescent opal», Proc. Indian. Acad. Sci. A38 1953 (med A. Jayaraman)
  • Lectures on Physical Optics, 1959

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nobelprisen i fysikk 1930 (engelsk). Nobelprize.org. Vitja 22. feb. 2012.