Philipp Eduard Anton von Lenard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Philipp Lenard

Philipp Eduard Anton von Lenard (fødd 7. juni 1862 i Pressburg (Bratislava) i dåverande Austerrike-Ungarn, død 20. mai 1947 i Messelhausen, Main-Tauber-Kreis, Baden-Württemberg) var ein tysk fysikar.

Lenard blei i 1886 filosofidoktor ved Universitetet i Heidelberg, i 1893 dosent i Bonn, i 1894 ekstraordinær professor i fysikk ved Universitetet i Breslau (Wrocław) og i 1895 ved RWTH Aachen. Han blei i 1896 ordinær professor i teoretisk fysikk i Heidelberg, i 1898 i eksperimentell fysikk i Kiel og i 1905 i Heidelberg.

Lenard mottok Nobelprisen i fysikk i 1905 for arbeidet sitt med bilderøyr. Vitskapleg er han mest kjent for dei eksperimentelle arbeida med den fotoelektrisk effekten. Han var den første som nytta vismutspiralar for å måla magnetiske feltstyrke.

Lenard meinte at den moderne fysikken måtte vera feilaktig, då han var abstrakt og streid mot fornufta. Saman med Johannes Stark retta han på starten av 1920-talet kritikk mot relativitetsteorien, kombinert med antisemittiske angrep mot Albert Einstein. Lenard blei i 1922 den første kjende vitskapsmannen som opent solidariserte med NSDAP og Adolf Hitler. Partimedlem blei han fyrst i 1937. Antirelativismen fekk færre tilhengarar med åra, men Lenard og Stark nådde ny framgang etter nazistanes maktovertaking på 1930-talet. Fysikkinstituttet ved Universitetet i Heidelberg blei i 1935 omdøypt til Philipp-Lenard-Instituttet. Lenard gav ut ei lærebok i Deutsche Physik, der han framholt at anlegg for vitskap følgde med rasen og at ariar var best passande. Boka mista derimot innverknad etter at tyske forskarar samla seg i München i november 1940, og blei einige om at relativitetsteorien er ein nødvendig del av fysikken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]