MS «Granit» (1921)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Granit»
Eigar: Rederi A/S Harald Grenske
Verft: Trosvik Verksted i Brevik
Verftsnummer: 9
Jomfrutur: mars 1921
Heimehamn: Skien
Kjennemerke: LBQG
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 584 brt, 289 nrt
Daudvekt: 840 tdw.
Lengd: 165,0 fot (50,3 m)
Breidd: 28,1 fot (8,6 m)
Djupgang: 12,5 fot (3,8 m)
Installert effekt : BHK 360 NHK 100
Framdrift: 4-sylindra 2-takts dieselmotor (Atlas Diesel, Stockholm)
Fart: 8 knop
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: MS «Columba»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: September 1923 for 303 142 kroner[1]
Heimehamn: Bergen
Karriere Flag of Canada (Pantone).svg Canada
Namn: MS «Island King»
Eigar: British Columbia Cement Co.Ltd.
Kjøpt: Desember 1928
Heimehamn: Victoria
Karriere Flag of Canada (Pantone).svg Canada
Namn: 1945-1954: MS «Island King»
1954-1959: MS «Chilliwack»
Eigar: Union Steamship Ltd.
Kjøpt: 1945
Heimehamn: Vancouver
Karriere Flag of Canada (Pantone).svg Canada
Namn: MS «Thasis Prince»
Eigar: Sannie Transport Co.Ltd.
Kjøpt: 1959
Heimehamn: Vancouver
Karriere Flag of Canada (Pantone).svg Canada
Namn: MS «Thasis Prince»
Eigar: Northwest Shipping Co.Ltd.
Kjøpt: 1962
Heimehamn: Vancouver
Lagnad: Forlist mars 1968

MS «Granit» (kallesignal LBQG) var eit motorskip bygt i 1921 som lasteskip for Rederi A/S Harald Grenske i Skien.

I 1923 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt «Columba». Frå 1928 og fram til det grunnstøytte i 1968, høyrde skipet til Canada, der det stort sett gjekk under namnet «Island King», og sidan «Thasis Prince». Skipet vart til slutt nedrigga til lekter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipet vart bygt ved Trosvik Verksted i Brevik og vart levert i mars 1921.[2] Skipet hadde ein ny type «Star kontrapropell» som vart vist fram ved Nylands mekaniske verksted 1. april 1921.[3] Propellen gjorde at ein sparte 14 % maskinkraft.[4] Skipet skulle betalast etter glideskala og reiarlaget fekk ei rekning på 1,4 millionar kroner, eller 1650 kroner per tonn, som var ein særs høg pris. Reiarlaget protesterte og nekta å betale den høge rekninga til verftet.[5] Skipet gjekk i trampfart i Nord-Europa. I mars 1923 vart skipet leigd inn av Det Bergenske Dampskibsselskab og sett inn i ruta mellom Vestlandet og Danzig i Austersjøen. I september 1923 vart skipet kjøpt av BDS for 300 000 kroner[1] og vart omdøypt «Columba».

27. januar 1924 gjekk «Columba» på grunn ved Alden, men kom seg av att ved eiga hjelp. Det kunne derimot ikkje fortsette reisa til Austersjøen og gjekk til Bergen for reparasjon for ti dagar.[6] 24. mars 1926 segla «Columba» ut frå Stavanger på veg mot Danzig, men då det var komen til Lista sprang eit av stempla i hovudmotoren. Det greidde å kome seg inn til Farsund for eigen maskin. MS «Canis» tok så med seg skipet på slep til Stavanger, der dei ei veke seinare vart henta og slept til Bergen av DS «Vulcanus».[7] Først i juni kom skipet i fart att, og tok nokre turar til Nederland, England og Hamburg, før det vart sett inn i godsruta mellom Oslo og Tromsø utpå hausten.[8] Hausten 1927 segla «Columba» til Island og segla elles dette året i trampfart.

I desember 1928 hamna skipet hos kanadiske eigarar, British Columbia Cement Co.Ltd. i Victoria og det fekk namnet «Island King». I 1945 vart skipet selt til Union Steamship Ltd. i Vancouver. Skipet fekk namnet «Chilliwack» i 1954.

Nye eigarar, Sannie Transport Co.Ltd. i Vancouver, tok over skipet i 1959 og gav det då namnet «Thasis Prince». I 1962 vart skipet kjøpt av Northwest Shipping Co.Ltd. i Vancouver. 15. mars 1968 stranda skipet nær Estevan ved Vancouver. Skipet vart då nedrigga til lekter.

Skipet[endre | endre wikiteksten]

Tonnasjen til skipet var ved levering 584 brt, 289 nrt og lasteevna var 840 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 1 040 . Hovudmaskinen var ein firesylindra 2-takts dieselmotor levert av Atlas Diesel i Stockholm. Oppgjeven yting var 100 iHk (indikerte hestekrefter) og 360 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 8 knop.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «M/S Columba». Sjøhistorie.no. Henta 19. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 44. Henta 19. mai 2020. 
  3. «Kontrapropelleren forevises ved Nylands Verksted». Norges Handels og Sjøfartstidende. 1. april 1921. s. 8. Henta 19. mai 2020. 
  4. «Contrapropellen». Kristiania: Aftenposten. 21. mars 1921. s. 4. Henta 19. mai 2020. 
  5. «Slik kan det gaa». Bergen: Bergens Tidende. 23. april 1921. s. 2. Henta 19. mai 2020. 
  6. ««Columba» paa grund». Bergen: Bergens Tidende. 29. januar 1924. s. 7. Henta 19. mai 2020. 
  7. «Bergenske motorskib «Columba» har faat maskinskade». Bergen: Bergens Tidende. 31. mars 1926. s. 7. Henta 19. mai 2020. 
  8. «Det Bergenske Dampskibsselskab». Bergen: Bergens Tidende. 4. november 1926. s. 6. Henta 19. mai 2020.