Samuel C.C. Ting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samuel Chao Chung Ting
Samuel ting 10-19-10.jpg
Fødd 27. januar 1936 (78 år)
Ann Arbor i Michigan i USA
Nasjonalitet Amerikansk
Institusjonar CERN
Columbia University
MIT
Alma mater University of Michigan
Doktorgradsrettleiar L.W. Jones
M.L. Perl
Kjend for Oppdaginga av J/ψ partikkel
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1976)
Ektefelle Kay Kuhne, Susan Carol Marks

Samuel Chao Chung Ting (fødd 27. januar 1936) er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han mottok Nobelprisen i fysikk i 1976 saman med fysikaren Burton Richter, for oppdaginga deira av den subatomære J / ψ partikkelen. Han var blant dei sentrale forskarane for det internasjonale Alpha Magnetic Spectrometer-prosjektet som vart installert på den internasjonale romstasjonen i løpet av 2011.

Foreldra til Samuel reiste tilbake til heimlandet Kina rundt to månader etter Samuel vart fødd på grunn av den japanske invasjonen. Han vart stort sett undervist heime, av foreldra sine. Etter andre verdskrigen, vart foreldra hans professorar i ingeniørvitskap og psykologi ved National Taiwan University i Taipei i Taiwan.

Frå 1948 deltok Samuel på den prestisjetunge Provincial Chien-Kuo High School (建国 中学, no kalla Municipal Taipei Chien-Kuo Senior High School) som ligg i Taipei. Etter endt High School studerte han éit år ved National Cheng Kung University i Tainan.

I 1956 vart Samuel invitert til å studere ved University of Michigan i USA. Der studerte han ingeniørfag, matematikk og fysikk. I 1959 vart han tildelt ein BAD i både matematikk og fysikk, og i 1962 tok han ein doktorgrad innan fysikk. I 1963 arbeidde han ved den europeiske organisasjonen for kjernefysisk forsking, som seinare skulle bli til CERN. Frå 1965 underviste han som professor ved Columbia University, og han arbeidde ved Deutsches Elektronen-Synchrotron (DESY) i Tyskland. Sidan 1969 har han vore professor ved Massachusetts Institute of Technology (MIT). Han er òg medlem av det amerikanske National Academy of Sciences i Det kinesiske vitskapsakademiet og ved Taiwans Academia Sinica.

I 1976 vart han tildelt Nobelprisen i fysikk, som han delte med Burton Richter ved Stanford Linear Accelerator Center for oppdaginga deira av den kjernefysiske partikkelen J / ψ meson. Som Nobelkomiteen uttalte, fortente dei prisen «for deira banebrytande arbeid i oppdaginga av ein tung elementærpartikkel av ein heilt ny type». Funnet av denne partikkelen vart gjort i 1974 då Ting var leiar for eit forskarteam ved Brookhaven National Laboratory som utforska nye regime med høg energi innan partikkelfysikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]