Thorbjørn Jagland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorbjørn Jagland

Fødd5. november 1950 (73 år)
Drammen kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkediplomat, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
MedlemDen Norske Nobelkomite
Den Norske Nobelkomite
Alle verv

Thorbjørn Jagland (fødd 5. november 1950 i Drammen som Thorbjørn Johansen) er ein norsk politikar og medlem av Det norske Arbeidarpartiet. Han var leiar for Arbeiderpartiet frå 1992 til 2002, statsminister frå 1996 til 1997 og utanriksminister frå 2000 til 2001. Frå 2005 til 2009 var han stortingspresident. Jagland blei den 29. september 2009 vald til ny generalsekretær for Europarådet, med verknad frå 1. oktober 2009.

Jagland kjem frå Lier i Buskerud, og var leiar for AUF frå 1977 til 1981. Han vart deretter utredningssekretær i Det norske Arbeidarpartiet.

Han har hatt ei rad tillitsverv og stillingar innan Arbeidarpartiet. Han har vore Arbeidarpartiet sin fyrsterepresentant frå BuskerudStortinget i fire stortingsperiodar: 1993–1997, 1997–2001, 2001–2005 og 2005–2009.

Han var konstituert partisekretær 1986–87, og vald partisekretær frå 28. mars 1987 til 8. november 1992. Deretter tok han over som leiar i Arbeidarpartiet i 1992 etter Gro Harlem Brundtland. Han sat i leiarvervet til 10. november 2002, då vervet vart overteke av Jens Stoltenberg.

Han var utanriksminister frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001. Deretter vart han leiar av Utanrikskomiteen i Stortinget, eit verv han hadde fram til stortingsvalet 2005. Då vart han vald til Stortingspresident for Stortingsperioden 2005-2009.

Frå 2009 var han leiar for Den norske Nobelkomiteen.

Generalsekretær i Europarådet[endre | endre wikiteksten]

Jagland annonserte 23. september 2008 at han ikkje stilte til attvald som stortingsrepresentant hausten 2009, då han i staden stilte som kandidat til generalsekretær i Europarådet som var på val i 2009. Den 29. september 2009 blei Jagland vald med verknad frå 1. oktober 2009.

Jagland har engasjert seg i norsk europapolitikk og er ein tilhengar av norsk medlemskap i EU.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]