Saudi-Arabia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Saudiarabia)
Gå til: navigering, søk
[endre]
المملكة العربية السعودية
Al-Mamlakah al-ʿArabiyyah
as-Saʿūdiyyah

(norsk: Saudi-Arabia, saudiarabisk)

Det saudiarabiske flagget Det saudiarabiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Aash al malik»
Motto لا إله إلا الله محمد رسول الله
Transliterasjon:
lā ilāhā illā-llāhu;
muhammadu-r-rasūlu-llāhi)
Omsetjing: «Det finst ingen annan gud enn Allah,
og Muhammad er bodberaren åt Allah.»
Geografisk plassering av Saudi-Arabia
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Riyadh
Styresett
Monarki
Abdullah bin Abdulaziz
Salman bin Abdulaziz
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
2 149 690 km² (12.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
26 534 504 (46.)
12,3 /km² (169.)
Samla
23. september 1932
Nasjonaldag 23. september
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
622 500 mill. USD (22.)
24 200 USD (42.)
Valuta Saudiarabisk riyal
Tidssone UTC +3
Telefonkode +966
Toppnivådomene .sa


Saudi-Arabia er eit land som dekker størsteparten av Den arabiske halvøya. Det er det tredje største landet i Midtausten. Landet har kyst mot Raudehavet og Persiabukta, og grensar til Qatar, Bahrain, Dei sameinte arabiske emirata, Oman, Jemen, Jordan, Irak og Kuwait. Hovudstaden er Riyadh. i Saudi-Arabia finst òg dei heilage muslimske byane Mekka og Medina.

Kart over Saudi-Arabia

Innhaldsliste

Geografi [endre]

Klima [endre]

Eit av verdas største ørkenområde utgjer store delar av Saudi-Arabia, og klimaet er deretter, tørt og varmt — i det minste mellom mai og oktober. Arabia stig brått oppover i vest, og heller sakte austover mot Persiabukta. På vestsida, langs kysten av Raudehavet, finn ein byar som Mekka og Jidda. Dette området har trykkande varme om sommaren med høg relativ fukt. I dei sørvestlegaste områda, nær Jemen, kan enkelte torebyer gje korte avbrekk frå den trykkande varmen.

Rub al-Khali, «den tomme fjerdedelen» på arabisk, er svært varm, men slepp unna den sørlege shamalvinden, som fører fuktig luft inn over den sørlege kysten av Arabia. Om sommaren er dette eit av dei få områda i verda der temperaturar opp mot 50 °C ikkje er uvanleg.

Når vinteren set inn kan enkelte lågtrykk passere over dei nordlege områda av landet. Desse kan føre med seg både kraftig vind og av og til torevêr, særleg når det nærmar seg vår. Områda rundt Persiabukta har temperaturar rundt 25 °C i vintermånadane. Ørkenområda er litt varmare, men i samband med passerande kaldfrontar kan temperaturen nærme seg 0 °C. Kysten av Raudehavet held seg derimot varm og fuktig året rundt.

Historie [endre]

Området som i dag om lag utgjer Saudi-Arabia vart samla på midten av 1700-talet av Muhammad bin Saud (som gav opphav til det noverande Al-Saud dynastiet). I lag med den kjende islamreformatoren Muhammad Abd Al-Wahhab (som i Wahabbisme) danna dei grunnlaget til det moderne Saudi-Arabia. I tida fram til 1900-talet var det mange fram og tilbakegangar for Al-Saudfamilien, som stadig låg i konflikt med andre arabiske dynasti (som Rashidi), Egypt, Det osmanske riket og andre regionale makter. Abdul Aziz Ibn Saud si erobring av Riyadh i 1902 vart starten på konsolideringa av det moderne Saudi-Arabia. I 1926 vart han konge over Hijaz, og etter Jeddatraktaten i 1927 vart riket hans sitt sjølvstende godteke av Storbritannia under namnet kongedømet av Hijaz og Nedsjd. Ikkje før i 1932 vart desse regionane og resten av halvøya sameina til kongeriket Saudi-Arabia.

Samfunn [endre]

Sunniislam er statsreligion i landet, og Koranen og muslimsk sedvane (sunna) er oppgjeve som dei grunnleggjande lovane for landet i grunnlova frå 1992.[1] Trusfridom er ikkje nedfelt i lovverket, og utøving av andre religionar enn statsreligionen er vanskeleg eller umogleg i praksis. Shia-minoriteten som for det meste bur langs grensa til Irak og langs Persiabukta har til dels vanskelege tilhøve for utøving av religionen sin.[2]

Kjelder [endre]

  1. THE BASIC LAW OF GOVERNANCE ved saudiembassy.net
  2. Saudi Arabia - International Religious Freedom Report 2010, BUREAU OF DEMOCRACY, HUMAN RIGHTS, AND LABOR, November 17, 2010


Spire Denne geografiartikkelen som har med Saudi-Arabia å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.