Den austerrikske arvefølgjekrigen

God artikkel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den austerrikske arvefølgjekrigen

Slaget ved Fontenoy av Édouard Detaille. Olje på lerret.
Dato 16. desember 1740 – 18. oktober 1748
Stad Europa, Nord-Amerika og India
Krigsårsak Den pragmatiske sanksjonen frå 1713 vart avslegen etter at Maria Teresia av Austerrike tiltredde trona
Resultat Aix-la-Chapelle-traktaten
Partar
 Frankrike
Flagget til Preussen Preussen
 Spania
Flagget til Bayern Bayern (1741-45)
Flagget til Sachsen Sachsen (1741-42)
Flagget til Dei to Sicilia Napoli og Sicilia
 Republikken Genova
 Sverige (1741–43)
Flagget til Det tysk-romerske riket Austerrike
 Storbritannia
 Hannover
Det nederlandske flagget Dei sameinte Nederlanda
Flagget til Sachsen Sachsen (1743-45)
Flagget til Sardinia Kongedømet Sardinia
Flagget til Russland Russland (1741-43)
Kommandantar
Flagget til Preussen Fredrik II
Flagget til Preussen Leopold I
Flagget til Preussen Leopold II
Flagget til Frankrike Maurice de Saxe
Flagget til Frankrike de Broglie
Flagget til Bayern Karl VII
Flagget til Sverige Lewenhaupt
Flagget til Det tysk-romerske riket Ludwig Khevenhüller
Flagget til Det tysk-romerske riket Karl Aleksander
Flagget til Det tysk-romerske riket Otto von Traun
Det britiske flagget Georg II
Det britiske flagget Robert Walpole
Det nederlandske flagget Waldeck
Flagget til Sachsen Rutowsky
Flagget til Sardinia Karl Emmanuel III
Felttog i den austerrikske arvefølgjekrigen
MollwitzChotusitzDettingenToulonPfaffenhofenFontenoyHohenfriedbergSoorHennersdorfKesselsdorfRoucoux1. FinisterreLauffeld2. FinisterreHavanna
Feltog i den austerrikske arvefølgjekrigen i Italia
Campo SantoVillafrancaCasteldelfinoVelletriMadonna dell'OlmoBassignanoPiacenzaRottofreddo - Assietta

Den austerrikske arvefølgjekrigen (1740–1748) involverte nesten alle stormaktene i Europa. Krigen starta med påskotet om at Maria Teresia av Austerrike ikkje kunne ta over trona til Habsburgmonarkiet fordi den saliske lova utelukka kvinner i arverekkefølgja.

Den lengste og viktigaste delen av krigen var kampane mellom Preussen og Habsburgmonarkiet om regionen Schlesien. Forskjellige andre stormakter deltok i krigen til forskjellige tider, men det som etter kvart vart overraskande var kvaliteten til dei prøyssiske styrkane, som var ein profesjonell hær og ikkje berre ein flokk leigesoldatar slik soldatvesenet stort sett hadde vore før. Sjølv Gustav Adolf, som enkelte gjev æra for å ha funne opp den moderne krigføringa med å kombinere forskjellige våpengreiner,[1] hadde nytta leigesoldatar i stort omfang. Permanente profesjonelle hærar var dyrt då som no.

Det sørvestlege Tyskland, Nederlanda og Italia var, som vanleg, slagmarker mellom Frankrike og Austerrike. Dei vanlege allierte til Frankrike og Preussen, som hadde kjempa saman sidan trettiårskrigen og til ein viss grad lenge før den tid, var Spania og Kongedømet Bayern.

Austerrike vart nærast som ei sjølvfølgje støtta av Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda, tradisjonelle fiendar av Frankrike. Andre som i periodar støtta Austerrike var mellom andre Kongedømet Sardinia og Sachsen.

Krigen enda med Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748, der Maria Teresia fekk overta etter faren sin. Det einaste landområdet ho tapte var Schlesien.

Den saliske rekkefølgja[endre | endre wikiteksten]

I 1740 prøvde Maria Teresia å overta etter faren sin som dronning av Ungarn og Böhmen, erkehertuginne av Austerrike og hertuginne av Parma. Planen hennar var å arve Habsburg-områda, og at mannen hennar Frans I av Lorraine skulle verte vald til tysk-romersk keisar. Ein hadde i lang tid sett kva problem ein kvinneleg herskar over Habsburgmonarkiet kunne medføre og Karl VI hadde derfor overtalt dei fleste statane i Tyskland til å godkjenne Den pragmatiske sanksjonen av 1713.

Problema starta då Kong Fredrik II av Preussen, som ikkje hadde godkjent sanksjonen, invaderte Schlesien den 16. desember 1740 med påskot om eit territoriekrav. Maria Teresia, som ei kvinne, vart sett på som svak, og andre herskarar, som Karl Albert av Bayern, gjorde sjølv krav på trona hennar. Dette gjorde han med bakgrunn i at han var mann og hadde ei klår stamtavle som gjorde at han kunne verte vald til tysk-romersk keisar.

Europa i 1740[endre | endre wikiteksten]

Maria Teresia høyrde til den austerrikske greina av huset Habsburg. Området ho rådde over hadde aldri eit offisielt namn, men vart ofte kalla Habsburgmonarkiet eller Det austerrikske monarkiet, sjølv i hennar tid, og var samansett av ei rekkje hertugdøme og grevskap. Erkehertugdømet Austerrike var ein del av Habsburgmonarkiet, men namnet Austerrike vert stundom òg nytta om heile monarkiet. Dette området dekte mellom anna det som i dag er Austerrike, Ungarn, Tsjekkia, Slovakia, i tillegg til mindre område av det sørvestlege Polen og det søraustlege Tyskland og store område aust og sør for Ungarn. I denne perioden hadde Habsburgmonarkiet òg eit område i Dei sørlege Nederlanda, kalla Dei austerrikske Nederlanda. Det vi kjenner som Tyskland i dag var eit lappeteppe av meir eller mindre sjølvstendige småstatar som i stor grad var ein del av Det tysk-romerske riket, som òg inkluderte Habsburgmonarkiet. Nokre av dei tyske statane hadde status som kurfyrstedøme og det var dei som valde ny keisar når ein keisar hadde gått bort, men keisaren var nesten utan unntak alltid vald frå huset Habsburg. Kongedømet Preussen oppstod i 1701 og var samansett av områda nordaust i dagens Tyskland og austover langs kysten av Austersjøen til og med dagens Kaliningrad oblast i Russland.

Det schlesiske felttoget i 1740[endre | endre wikiteksten]

Keisarinne Maria Teresia, dronning av Ungarn og Böhmen og erkehertuginne av Austerrike.
Fredrik II av Preussen

Preussen var i 1740 eit lite, men godt organisert land på veg til å verte ei stormakt. Sidan landet til då berre hadde medverka i den polske arvefølgjekrigen utan å gjere stor inntrykk, vart ikkje hæren i landet rekna som særleg mektig av dei mange hærane i Europa og dei tyske statane[2].

Berre eit fåtal trudde at hæren kunne stille opp mot dei moderne styrkane til Austerrike og Frankrike. Kong Fredrik Vilhelm I hadde på si side drilla hæren til eit nivå som ein tidlegare ikkje hadde sett, og dei prøyssiske infanteristane var så godt trena og så godt utstyrte at dei kunne avfyre fem skot på same tid som ein austerriksk infanterist avfyrte tre[2]. Det prøyssiske kavaleriet og artilleriet var derimot mindre effektivt, men dei hadde òg nokså høg kvalitet, for Preussen hadde kjempa mot det dyktige kavaleriet til Polen og møtt det harde svenske artilleriet tidleg og midt på 1600-talet[2].

Den store fordelen for hæren til Fredrik var at han hadde fått vere i fred i mange år, og slik opparbeidd seg ein profesjonell ståande hær. Dette var avgjerande i starten då austerrikarane måtte kalle inn folk for å fylle opp styrkane, medan prøyssarane alt var klar til strid. Slik klarte Fredrik å ta Schlesien nesten utan motstand.

Hæren hans hadde roleg samla seg langs elva Oder tidleg i desember. 16. desember 1740, kryssa dei grensa til Schlesien utan at dei erklærte krig. Dei lokale austerrikske styrkane klarte ikkje anna enn å leggje eit par festningar i garnison, medan resten fall tilbake til fjellområda i Böhmen og Mähren[2].

I det nye territoriet deira organiserte den prøyssiske hæren seg for vinterforlegning, heldt heile Schlesien og tok sterke stader som Glogau, Brieg og Neisse[2]. Som følgje av dette hadde Preussen med eitt enkelt grep dobla innbyggjartalet sitt og fått store fordelar med auka industriell produktivitet.

Nasjonalisme som vi kjenner han i dag, var ikkje ein faktor, men eit fenomen ein berre så vidt hadde sett starten på.[3] Preussen fekk store fordelar av den apolitiske haldninga til samfunnet på denne tida, sidan folkemassane sentralt i Tyskland stadig leid under krigførande nasjonar som ramponerte landområda deira igjen og igjen.

Det schlesiske felttoget i 1741[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Mollwitz

Medan dei austerrikske garnisonane i Neisse og Brieg heldt ut mot dei prøyssiske troppane, hadde prøyssarane storma Glogau natt til 9. mars 1741[2]. Dei prøyssiske styrkane under fyrst Leopold (den yngre) av Anhalt-Dessau utførte oppgåva på ein time med stor presisjon, og vart etter dette sett opp til av mange. I februar 1741 hadde austerrikarane samla ein armé under grev Neipperg og gjort seg klare til ei gjenerobring av Schlesien. Den austerrikske hæren tok seg inn i Mähren på eit tidspunkt då forlegningane til Fredrik var spreidde over heile Øvre Schlesien. Det var vanskeleg å samle saman hæren på grunn av djupt snødekke, og før hæren vart samla, avslutta prøyssarane omleiringa av Neisse og var under marsjen frå Neisse til Brieg avskorne frå sitt eige land. Etter å ha kome tregt i gang, braka dei to armeane etter kvart i saman i slaget ved Mollwitz den 10. april 1741. Dette var det første feltslaget til Fredrik og hæren hans. Austerrikarane klarte å avskjere høgrevingen av det prøyssiske kavaleriet, men infanteriet til Fredrik klarte seg og vann slaget[2].

Fredrik sjølv forsvann bort under slaget. Han hadde kjempa i kavaleriet, men då slaget såg ut til å vere tapt hadde han vorte overtalt av feltmarskalk Schwerin til å ri bort[2]. Schwerin, som marskalk Moritz av Sachsen ved Fontenoy, vart verande att for å vinne slaget, og kongen klarte berre så vidt å sleppe unna austerrikske husarar til fots.

Etter slaget sikra prøyssarane Brieg, og Neipperg fall tilbake til Neisse, der han deltok i ei rekkje samanstøytar i løpet av sommaren. Europa oppdaga denne nye militærmakta, og Frankrike sende marskalk Belle-Isle til Fredrik sin leir for å forhandle om ein allianse[2], som førte til at det schlesiske felttoget utvikla seg til ein storkrig. Kandidaturet til Kurfyrsten av Bayern for keisartrona vart støtta av ein fransk «reservearmé», og andre franske styrkar vart sende for å overvake Hannover. Sachsen var alt under oppsikt av ein prøyssisk hær under fyrst Leopold av Anhalt-Dessau, «den gamle Dessauer», som hadde trena opp den prøyssiske hæren til den dyktige hæren han no hadde vorte.

Under den russisk-svenske krigen 1741-1743 hadde Sverige som oppgåve å hindre at Russland gjekk til åtak på Preussen, men dei svenske troppane vart slegne den 3. september 1741 ved Villmanstrand av ein langt større og sterkare russisk hær[2]. I 1742 opplevde den fransk-prøyssiske alliansen eit nytt nederlag då russarane erobra Helsingfors frå Sverige[2].

Allierte i Böhmen 1741[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene slo seg saman med den bayerske kurfyrsten sine styrkar ved Donau og rykte framover mot Wien, men målet deira vart brått endra, og etter mange kontramarsjar rykte dei antiausterrikske allierte i tre heilt fråskilde korps mot Praha[2]. Eit fransk korps marsjerte via Amberg og Pilsen. Kurfyrsten marsjerte mot Budweis, og saksarane, som no hadde slege seg saman med dei allierte, invaderte Böhmen via Elbedalen. Austerrikarane kunne først yte lite motstand, men etter ei stund klarte ein større styrke å kom seg mellom ved Tábor mellom Donau og dei allierte, og Neipperg marsjerte no frå Neisse for å støtte opp om felttoget. Han sette i lag med Fredrik i stand Klein Schnellendorf-avtalen (9. oktober 1741), der Neisse vart overgjeve etter ei skinnomleiring, og austerrikarane let Fredrik vere i fred mot at hæren til Neipperg vart flytta[2]. Samstundes hadde ungararane, som entusiastisk støtta deira eigen Maria Teresia, samla seg til eit «opprør» som med sine lette troppar vart eit særs nyttig tillegg til den vanlege hæren[2]. Ein uerfaren hær vart samla saman under feltmarskalk Khevenhüller i Wien, og austerrikarane planla ein vinteroffensiv mot dei fransk-bayerske styrkane i Böhmen og den vesle bayerske hæren som var igjen ved Donau for å verne kurfyrstedømet.

Franskmennene hadde i mellomtida storma Praha den 26. november 1751, og storhertug Frans, gemalen til Maria Teresia som kommanderte austerrikarane i Böhmen, reagerte for seint til å redde festninga.[2] Kurfyrsten av Bayern, som no kalla seg sjølv erkehertug av Austerrike, vart krona til konge av Bøhmen den 9. desember 1741, og valt til keisartrona som Karl VII den 24. januar 1742.[2]

I Bøhmen var det fleire små samanstøytar i desember 1741[2]. Ved Donau rykte Khevenhüller, den beste generalen til austerrikarane, fram den 27. desember og dreiv raskt tilbake dei allierte, sperra dei inne i Linz, og pressa på inn i Bayern. München sjølv overgav seg til austerrikarane dagen då Karl VII vart krona.[2]

Mot slutten av den første delen av felttoget opprettheldt franskmennene, under den gamle marskalken de Broglie, eit vaklande fotfeste i sentrale område av Bøhmen, truga av hovudhæren til austerrikarane, og Khevenhüller dreiv utan motstand rundt i Bayern, medan Fredrik, som følgde den hemmelege avtalen, låg i ro i Schlesien.[2]

Felttoga i 1742[endre | endre wikiteksten]

Fredrik håpa at han med våpenkvilen skulle sikre Schlesien, som berre han kjempa for. Men med suksessen til Khevenhüller og det entusiastiske «opprøret» i Ungarn, vart motstanden frå Maria Teresia hardare. Ho kunngjorde våpenkvileavtalen for å avsløre planane til Fredrik for hans allierte. Krigen kom då i gang igjen. Fredrik hadde ikkje kvilt på laurbæra. I løpet av den rolege sommaren 1741 omorganiserte han kavaleriet sitt og gjorde det meir effektivt enn infanteriet.[2] Keisar Karl VII, som hadde fått områda sine invadert av austerrikarane, bad han skape ei avleiing ved å invadere Mähren. I desember 1741 hadde derfor Schwein kryssa grensa og erobra Olomouc. Glatz vart òg omleira, og den prøyssiske hæren konsentrerte seg om Olomouc i januar 1742. Ein felles plan vart lagt av franskmennene, saksarane og prøyssarane for å redde Linz[2]. Men Linz fall raskt. Broglie ved Vltava var svekka av at dei bayerske styrkane som hadde drege for å ta Khevenhüller, og av at saksarane slo seg saman med Fredrik, og dei var ikkje i stand til å ta offensiven[2]. I tillegg låg store styrkar under fyrst Karl av Lorraine føre han frå Budweis til Jihlava (Iglau). Fredrik marsjerte først mot Iglau. Brno vart omleira omtrent samstundes i februar, men Fredrik endra etter kvart retning og i staden for å gå mot fyrst Karl, pressa Fredrik på sørover via Znojmo og Mikulov[2]. Dei ytste utpostane til prøyssarane dukka opp utanfor Wien. Men framrykkinga til Fredrik var berre eit plyndringstokt, og fyrst Karl, som let nokre troppar vere att føre Broglie, marsjerte bort for å avskjere prøyssarane frå Schlesien, medan ungarske vernepliktige strøymde inn i Øvre Schlesien ved Jablunkovpasset. Saksarane vart raskt misnøgde og demoraliserte og marsjerte heim til sitt eige land, og Fredrik med prøyssarane sine fall tilbake via Svitavy og Litomyšl til Kutná Hora i Bøhmen, der han hadde kontakt med Broglie på eine handa og Schlesien på den andre.[2] Det vart ikkje gjort forsøk på å forsvare Olomouc, og det vesle prøyssiske korpset i Mähren fall tilbake til Schlesien.[2]

Fyrst Karl følgde etter kongen og marsjerte via Jihlava og Teutsch Brod ved Kutná Hora, og den 17. mai utkjempa dei slaget ved Chotusitz, som kongen vann etter eit langt og hardt slag[2]. Kavaleriet hans revansjerte dei tidlegare mistaka og måten dei gjekk fram på gav dei seinare heider, ikkje berre for det dei gjorde på slagmarka, men for den energiske forfølginga av dei slegne austerrikarane. Nesten samstundes møtte Broglie ein del av austerrikarane på venstresida av Vltava og vann det vesle, men moralsk og politisk viktige området Sahay, nær Budweis, den 24. mai 1742[2]. Fredrik føreslo ikkje å slå saman desse styrkane igjen. Sigrane til Fredrik og Broglie førte til at Maria Teresia avstod Schlesien for å oppnå ein god posisjon ein annan stad, og den separate freden mellom Preussen og Austerrike, signert i Breslau den 11. juni[2] enda den første schlesiske krigen, men den austerrikske arvefølgjekrigen heldt fram.

Det franske Donau-felttoget i 1742[endre | endre wikiteksten]

Då fyrst Karl vende attende og signerte Breslau-traktaten enda offensiven til Broglie. Fyrsten kalla tilbake dei franske utpostane og hæren hans samla seg rundt Praha mot slutten av juni 1742. Broglie hadde gjeve hard motstand med den underlegne hæren sin, og synte framleis teikn til stor aktivitet[2], men stillinga hans var i stor fare. Dei franske styresmaktene innsåg omsider at dei hadde gjeve generalen for små styrkar. Den franske hæren ved den nedre delen av Rhinen, som til no hadde overvaka Hannover og andre mogelege fiendtlege statar, vart raskt flytta til Franken[2]. Fyrst Karl enda med ein gong omleiringa av Praha (14. september) og kalla fram Khevenhüller som sat med den største delen av den austerrikske hæren ved Donau, og marsjerte mot Amberg for å møte den nye motstandaren.

Marskalk Maillebois, den franske kommandanten, flytta seg så frå Amberg mot Egerdalen, for å oppnå kontakt med Broglie[2]. Marskalk Belle-Isle, den politiske leiaren for franske gjeremål i Tyskland og ein særs kapabel general, hadde halde seg saman med Broglie heile vegen, og det ser ut til at Belle-Isle og Broglie trudde at Maillebois sitt oppdrag var å oppnå eit permanent fotfeste for hæren i Bøhmen[2]. Maillebois trudde derimot at han berre skulle frigjere hæren til Broglie frå den farlege posisjonen deira, og dekke tilbaketrekkinga. Handlingane hans var ikkje noko meir enn ein skinmanøver og Broglie vart sendt etter i all hast for å ta over kommandoen hans, medan Belle-Isles samstundes tok styringa over hæren ved Praha[2].

Hæren til Broglie var no ved Donau, aust for Regensburg, og keisarhæren (hovudsakleg frå Bayern) til Karl VII under den avtredde eks-austerrikske feltmarskalken Seckendorf hjelpte han med å drive austerrikarane ut av Bayern[2]. Dette var ei lett oppgåve sidan Khevenhüller og dei fleste troppane hans hadde reist til Bøhmen. Fyrst Karl og Khevenhüller slo no leir mellom Linz og Passau, og etterlét ein stor styrke for å ta seg av Belle-Isle i Praha. Styrken, som var leidd av fyrst Lobkowitz, var litt meir talrik og litt betre enn troppane til Belle-Isle[2], som bestod av saksarar og dei beste av dei yngre franske generalane. Likevel reinska det lette kavaleriet deira landsbygda for alle forsyningar, og franskmennene hamna raskt på randa av hunger. Då vinteren nærma seg valde marskalken derfor å trekkje seg tilbake. Natt til 16. desember 1742 forlét hæren Praha og ein liten garnison under de Chevert vart verande att, medan Bell-Isle la kursen mot Eger. Tilbaketrekkinga (16.-26. desember) vart rekna som ein god strategi, men vêret gjorde det vanskeleg og kostbart[2]. Den modige Chevert synte så stor sjølvtillit at austerrikarane berre var glad til å sleppe han laus for å slå seg saman med resten av hovudhæren. Føremålet til den nye keisaren var no berre fokusert på Donaudalen, der Broglie og Seckendorf møtte fyrst Karl og Khevenhüller, som snart skulle slå styrkane sine saman mot Belle-Isle.

Felttoget i 1743[endre | endre wikiteksten]

1743 starta katastrofalt for keisaren. Dei franske og bayerske hærane gjekk ikkje så godt saman, og Broglie og Seckendorf hadde krangla. Ingen samanhengande motstand vart ytt mot hæren til fyrst Karl langs Donau, Khevenhüller frå Salzburg mot Sør-Bayern, og fyrst Lobkowitz frå Bøhmen mot Naab. Bayerane leid eit stort nederlag nær Braunau den 9. mai 1743[2]. No avanserte ein engelsk hær under kong Georg II, som hadde samla seg ved nedre Rhinen etter at Maillebois trekte seg bort, sørover til områda rundt Main og Neckar. Ein fransk hær under marskalk Noailles, samla seg ved midten av Rhinen for å ta seg av denne nye styrken. Men Broglie var no i full tilbaketrekking, og dei sterke stadane i Bayern overgav seg ein etter ein til fyrst Karl. Franskmennene og bayerane hadde nesten vorte pressa heilt til Rhinen då Noailles og kongen møtte kvarandre i kamp. Georg vart totalt utmanøvrert av den rutinerte motstandaren og var i stor fare mellom Aschaffenburg og Hanau i ein trong passasje danna av elva Main i Spessartåsane. Noailles blokkerte utgangen og hadde postar rundt heile passasjen, men dei allierte troppane tvinga seg gjennom og påførte franskmennene store tap[2]. Slaget ved Dettingen den 27. juni er derfor rekna som ein stor siger for den britiske hæren.

Broglie var utsliten av alderdom og slit og vart raskt etter erstatta av marskalk Coigny. Både Broglie og Noailles var no i stramt forsvar på andre sida av Rhinen. Ikkje ein einaste soldat vart verande att i Tyskland, og fyrst Karl klargjorde ei forsering av elva i Breisgau medan kongen av Storbritannia rykte framover via Mainz for å trekke til seg merksemda til begge dei franske marskalkane. Den engelske hæren tok Worms, men etter fleire mislukka forsøk på å krysse Rhinen sette fyrst Karl i staden i stand vinterforlegninga. Kongen gjorde det same og trekte troppane sine nordover for om naudsynt å ta seg av franskmennene som samla seg nær grensa til Dei sørlege Nederlanda. Austerrike, Storbritannia, Nederland og Sardinia var no allierte[2]. Sachsen skifta side, og Sverige og Russland nøytraliserte kvarandre (Freden i Åbo, august 1743). Fredrik var framleis passiv. Frankrike, Spania og Bayern heldt aktivt fram kampen mot Maria Teresia.

Felttog i 1744[endre | endre wikiteksten]

Med 1744 starta den andre schlesiske krigen. Fredrik av Prøyssen, som var uroleg etter den omfattande suksessen til austerrikarane, gjekk i løyndom inn i ein ny allianse med Ludvig XV av Frankrike[2]. Frankrike hadde til no berre fungert som støtte og offiserane deira i Tyskland hadde bore den bayerske kokarden, og landet var berre offisielt i krig med Storbritannia. Frankrike erklærte no krig mot Austerrike og Sardinia (april 1744). Eit korps vart samla saman ved Dunkerque og Ludvig XV sjølv gjorde seg med 90 000 mann klar til å invadere Austerriksk Nederland, og tok Menin og Ypres. Den slegne motstandarden var den allierte hæren som kong Georg II hadde kommandert, og som no bestod av britar, nederlendarar, tyskarar og austerrikarar[2]. Ved Rhinen stod Coigny andlet til andlet med fyrst Karl, og ein ny hær under Prince de Conti skulle støtte spanjolane i Piemonte og Lombardia. Denne planen vart derimot endra då Karl, som fekk hjelp av den rutinerte marskalk Traun, fekk hæren sin over Rhinen nær Philippsburg (1. juli), erobra Weissenburglinjene, og avskar Coigny frå Alsace.[4] Coigny klarte å bryte seg gjennom fienden ved Weissenburg og sette opp hæren sin nær Strasbourg. Ludvig XV hadde no avbrote invasjonen av Dei sørlege Nederlanda, og flytta hæren sin sørover for å ta ein avgjerande del i krigen i Alsace og Lorraine. Samstundes kryssa Fredrik den austerrikske grensa (august).

Merksemda og ressursane til Austerrike var no fullstendig opptekne og prøyssarane hadde nesten ingen motstand. Ein kolonne passerte gjennom Sachsen, ein annan gjennom Lausitz, medan ein tredje rykte fram frå Schlesien. Praha, som var målet, vart nådd 2. september. Seks dagar seinare måtte den austerrikske garnisonen overgje seg, og prøyssarane avanserte vidare til Budweis. Maria Teresia svarte igjen på situasjonen og eit nytt «opprør» fann stad i Ungarn[2]. Ein ståande hær vart samla saman for å dekke Wien, medan diplomatar fekk Sachsen over på austerriksk side. Fyrst Karl trekte seg tilbake frå Alsace, utan samanstøytar med franskmennene, som hadde vorte urolege etter at Ludvig XV brått vart kraftig sjuk ved Metz. Berre Seckendorf med bayerane følgde etter han. Franskmennene gjorde ingenting, og Fredrik innsåg at han var isolert og utsett for eit samla åtak frå austerrikarane og saksarane. Marskalk Traun vart kalla inn frå Rhinen og heldt kongen i sjakk i Böhmen[2], medan dei ungarske opprørarane påførte prøyssarane fleire mindre tilbakeslag. Til slutt nådde fyrst Karl fram med hovudhæren. Felttoget likna det i 1742 og tilbaketrekkinga til prøyssarane vart nøye overvaka. Praha fall igjen og Fredrik, som var totalt utmanøvrert av dei samla styrkane til fyrst Karl og Traun, trekte seg tilbake til Schlesien med store tap. Samstundes klarte ikkje austerrikarane å få fotfeste i Schlesien. Ved Rhinen hadde Ludvig XV kome seg att. Han hadde omleira og erobra Freiburg, før styrkane reiste nordover og forsterka og omleira sterke byar i Dei sørlege Nederlanda. Det var òg enkelte krigshandlingar i midtre delar av Rhinen.

Felttoget i 1745[endre | endre wikiteksten]

I 1745 oppstod dei tre største slaga under krigen: Hohenfriedberg, Kesselsdorf og Fontenoy. Den første hendinga dette året var Kvadruppelalliansen til Storbritannia, Austerrike, Holland og Sachsen, som vart stadfesta i Warszawa den 8. januar 1745[2]. Tolv dagar seinare døydde Karl VII og ein ny keisar måtte veljast. Arvingen hans i Bayern var ikkje ein kandidat. Den bayerske hæren var igjen uheldige då den spreidde vinterforlegninga vart driven frå stad til stad og slegen i slaget ved Pfaffenhofen. Den unge kurfyrsten Maximilian III Josef måtte forlate München nok ein gong. Füssen-traktaten følgde 22. april, der han sikra landområda han hadde arva mot at han støtta kandidaturet til storhertug Frans, gemalen til Maria Teresia. «Keisarhæren» forsvann grunna dette og Fredrik vart igjen isolert. Han kunne ikkje vente seg støtte frå Frankrike som fokuserte på felttoget i Flandern. Før Fredrik la ut på slagmarka igjen hadde Ludvig XV og Saxe omleira Tournai og slege støttehæren til hertugen av Cumberland i det store slaget ved Fontenoy.

I Schlesien hadde småkriginga halde på ei stund og samlinga av den prøyssiske hæren gjekk ikkje til utan harde kampar. Mot slutten av mai låg Fredrik med om lag 65 000 mann i leir ved Frankenstein, mellom Glatz og Neisse, medan fyrst Karl hadde 85 000 austerrikarar og saksarar på andre sida av Karkonosze ved Landeshut. 4. juni vart slaget ved Hohenfriedberg eller Striegau utkjempa, og dette vart den største sigeren til Fredrik i karrieren hans, og av alle slaga hans kanskje berre forbigått av Leuthen og Rossbach. Fyrst Karl gjekk på eit komplett nederlag og trekte seg tilbake til fjella han hadde kome frå[2]. Fredrik følgde forsiktig og planmessig etter, for landområdet var vanskeleg og aude, og han viste ikkje i kor stor grad fienden var demoralisert.

Desse hendingane opptok begge leiarane i øvre Elbe heile sommaren, medan det politiske spørsmålet om kven som skulle verte ny keisar og dialogen mellom Preussen og Storbritannia låg på vent. Austerrikarane fokuserte på dalane i Main, Lahn og Frankfurt, der franskmennene og dei austerrikske hærane kappast om å imponere valorganet som skulle velje keisaren. Marskalk Traun imponerte mest og 13. september vart storhertugen keisar Frans I av Det tysk-romerske riket[2]. Fredrik kom til semje med Storbritannia om å anerkjenne valet eit par dagar seinare, men Maria Teresia ville ikkje godta Breslau-traktaten utan vidare[2]. Sachsen slo seg saman med austerrikarane på dette. Eit nytt framrykk frå fyrst Karl førte raskt til slaget ved Soor, på same slagmark som skulle verte kjend i den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866. Fredrik sin posisjon var først i stor fare, men hæren hans endra standpunkt føre den framrykkande fienden og med stort mot og iherdig innsats vann dei ein uventa siger den 30. september[2].

Men feltoget var ikkje over. Ein austerriksk kontingent frå Main slo seg saman med saksarane under feltmarskalk Rutowsky (1702–1764). Både Rutowsky frå Sachsen og fyrst Karl frå Bøhmen flytta seg mot Berlin, som var i stor fare. Fredrik fekk fart på styrkane sine frå Schlesien og marsjerte så raskt som mogeleg mot Dresden, og vann slag ved Katholisch-Hennersdorf (24. november) og Görlitz (25. november). Fyrst Karl vart derfor tvungen tilbake, og samstundes flytta ein annan prøyssisk hær under Gamle Dessauer seg oppover Elbe frå Magdeburg for å møte Rutowsky. Sistnemnde sette opp ein god posisjon ved Kesselsdorf mellom Meissen og Dresden, men den rutinerte Leopold gjekk direkte til åtak utan å nøle (14. desember). Saksarane og deira allierte vart fullstendig drivne på flukt og Maria Teresia måtte til slutt gje seg. Med Dresden-traktaten (25. desember) anerkjende Fredrik keisarvalet og fekk behalde Schlesien, som han hadde gjort etter Breslau-traktaten.

Det italienske felttoget 1741–1747[endre | endre wikiteksten]

Triumfen til Karl III i slaget ved Velletri av Francesco Solimena. Olje på lerret 1744.

I Sentral-Italia vart det samla ein hær av napolitanarar og spanjolar for å erobre Milano. I 1741 rykte den allierte styrken fram mot Modena, som hadde alliert seg med dei, men den vakne austerrikske kommandøren grev Traun klarte å kome før dei og erobra Modena, og tvinga hertugen av Modena til å gjere fred.

I 1742 klarte Traun seg godt på eiga hand mot spanjolane og napolitanarane. Napoli vart tvungen til å trekke heimover for å forsvare heimlandet av ein britisk eskadron, og Spania var no for svak til å rykke inn i Podalen. Spania sendte derfor ein ny hær til Italia via Frankrike. Sardinia hadde alliert seg med Austerrike, og på denne tida var ingen av dei i krig med franskmennene. Dette førte til komplikasjonar då det vart drive krigføring i Isèredalen mellom Sardinia og Spania, utan at franskmennene tok del.

I 1743 hadde spanjolane ved Panaro oppnådd ein pyrrhossiger over Traun i Campo Santo (8. februar 1743), men dei neste seks månadene var dei inaktive, og Lobkowitz, sende forsterkningar frå Tyskland til Traun og dreiv fienden tilbake til Rimini. Den spansk-piemontesiske krigen i Alpane heldt fram utan særleg resultat, og den einaste nemneverdige hendinga var det første slaget ved Casteldelfino (7.–10. oktober 1743), då ein fransk offensiv vart slegen tilbake.

I 1744 vart den italienske krigen meir alvorleg. Ein storslegen plan oppstod og dei franske og spanske generalane ved fronten vart styrt av ordre frå styresmaktene sine. Målet var å slå hæren i Dauphiné saman med den i nedre Po. Støtte frå Genova gav ein veg inn i sentrale område av Italia. Lobkowitz hadde på si side alt rykt fram og drive den spanske hæren til Count de Gages mot den napolitanske grensa, slik at kongen av Napoli måtte hjelpe spanjolane. Ein samla hær oppstod ved Velletri, og her slo dei Lobkowitz den 11. august. Lobkowitz drog så til Piemonte for å assistere kongen mot Conti, kongen av Napoli drog heim att, og de Gages følgde etter austerrikarane med ein svak styrke.

Krigen i Alpane og Appenninane hadde alt hatt hard konkurranse. Villefranche og Montalban vart storma av Conti den 20. april, ein desperat kamp som fann stad ved Peyre-Longue den 18. juli (det andre slaget ved Casteldelfino), og kongen av Sardinia vart slegen i eit stort slag ved Madonna dell'Olmo (30. september) nær Coni (Cuneo). Conti klarte derimot ikkje ta denne festninga, og måtte trekkje seg tilbake til Dauphiné for å opprette vinterforlegning. Dei to hærane hadde derfor mislukkast i å slå seg saman, og den austerriksk-sardinske hæren låg framleis mellom dei.

Resten av året var det berre små samanstøytar i Italia. I mars 1745 inngjekk Republikken Genova i ein hemmeleg allianse med Frankrike, Spania og Napoli. Ei endring i leiinga til austerrikarane førte til at dei allierte gjorde det første trekket. De Gages flytta frå Modena til Lucca, franskmennene og spanjolane i Alpane under marskalk Maillebois rykte fram gjennom Den italienske rivieraen til Tanaro, og i midten av juli hadde dei to hærane omsider samla seg mellom Scrivia og Tanaro, ein hær som var uvanleg stor, med 80 000 mann. Ein rask marsj mot Piacenza trekte den austerrikske kommandanten same veg, og medan han var borte slo dei allierte til mot, og knuste fullstendig, den sardinske hæren i Bassignano (27. september), ein siger som raskt vart etterfølgd av erobringa av Alessandria, Valenza og Casale Monferrato.

Dei kompliserte politiske tilhøva i Italia gjorde likevel til at sigeren til Maillebois ikkje vart så viktig. Tidleg i 1746 passerte dei austerrikske troppane, som no var frigjevne etter freden med Fredrik, gjennom Tirol og inn i Italia. Den fransk-spanske vinterforlegninga vart utsett for eit kort åtak, og ein fransk garnison på 6000 mann i Asti vart tvungen til å kapitulere. Samstundes kutta Maximilian Ulysses Browne med eit austerriksk korps kommunikasjonslinjene til dei allierte i nedre Po frå hovudhæren i Piemonte. Ei rekkje mindre kampar førte så til at den store fransk-spanske hæren vart spreidd. Dei allierte skilde lag, og Maillebois dekte Liguria, medan spanjolane marsjerte mot Browne. Sistnemnde vart raskt og kraftig forsterka, og alt spanjolane kunne gjere var å forskanse seg ved Piacenza, medan Filip av Parma som øvste hærleiar kalla på Maillebois for støtte. Franskmennene marsjerte raskt til staden og styrkane slo seg saman nok ein gong, men situasjonen deira var kritisk, for berre to marsjar bak dei følgde hæren til Kongen av Sardinia etter, og føre dei låg hovudhæren til austerrikarane. Slaget ved Piacenza (16. juni) var eit hardt slag, og Maillebois hadde nesten sigeren inne då Filip tvinga han til å trekke seg tilbake. Maillebois, sonen hans og stabssjefen har fått stor ære for at hæren klarte å kome seg bort, og under deira leiarskap slapp dei unna både austerrikarane og sardiniarane, slo eit austerriksk korps i slaget ved Rottofreddo (12. august) og klarte å trekke seg tilbake til Genova.

Men det var berre restar av den allierte hæren som returnerte, og austerrikarane tok snart over kontrollen over Nord-Italia, inkludert Genova (september). Men dei hadde ikkje suksess i Alpane. Genova gjorde snart opprør og dreiv ut att austerrikarane (5.–11. desember), og franskmennene, no kommandert av Belle-Isle, tok offensiven (1747). Genova heldt ut mot ei ny austerriksk omleiring og fekk etter kvart avløysing frå Paris og Madrid. Korpset til den franske hæren under Chevalier de Belle-Isle (1684–1747), bror til marskalken, vart derimot slegen i eit nesten umogeleg forsøk (10. juli) på å storme det forskansa passet i Exilles (Colle dell'Assietta), og chevalieren og det meste av eliten med han frå den franske adelen vart drepne ved barrikadane. Før marskalk Belle-Isle hadde nådd fram, hadde austerrikarane trekt seg tilbake til Lombardia, og det planlause felttoget enda til slutt med fred.

Seinare felttog[endre | endre wikiteksten]

Etter Fontenoy gjekk franskmennene frå siger til siger. Dei fleste britane trekte seg tilbake for å stogge «45»-opprøret i heimlandet og etterlet sine allierte i ein hjelpelaus situasjon. I 1746 var nederlendarane og austerrikarane drivne tilbake til linja langs Maas, og dei fleste viktige festningane var erobra av franskmennene. Slaget ved Roucoux nær Liège vart utkjempa 11. oktober mellom dei allierte under fyrst Karl av Lorraine og franskmennene under Saxe, eit slag sistnemnde vann. Holland sjølv var no i stor fare, og då hæren til Saxe i april 1747 hadde erobra Austerriksk Nederland opp til Maas, vende han seg mot Dei sameinte Nederlanda. Dei gamle festningane ved grensa gav lite motstand. Fyrsten av Orange og hertugen av Cumberland leid eit stort nederlag ved Lauffeld den 2. juli 1747, og Saxe, etter sigeren sin, sende raskt og hemmeleg eit korps under marskalk Löwendahl (1700–1755) for å omleire Bergen op Zoom. Den 18. september vart Bergen op Zoom storma av franskmennene, og i løpet av det siste året av krigen vart Maastricht angripe av alle styrkane til Saxe og Lowendahl, og byen overgav seg 7. mai 1748. Ein stor russisk hær ankom for å støtte dei allierte, men kom for seint. Striden mellom Russland og Sverige vart løyst med freden i Åbo i 1743, og i 1746 hadde Russland alliert seg med Austerrike. Til slutt marsjerte ein stor hær frå Moskva til Rhinen, ei hending som ikkje var militært uviktig, og på mange måtar opptakten til dei store invasjonane i 1813–1814 og 1815. Den generelle Aix-la-Chapelle-traktaten (Aachen) vart signert 18. oktober 1748.

Slutten av krigen[endre | endre wikiteksten]

Den austerrikske arvefølgjekrigen enda med Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748. Maria Teresia og Austerrike gjekk attende til status quo ante bellum, og mista berre område i Schlesien, som vart avståtte til Preussen. Slutten av krigen markerte òg byrjinga på den tyske rivaliseringa mellom Preussen og Austerrike, som etter kvart skulle nøre opp om tysk nasjonalisme og ønsket om å samle Tyskland til éi enkel eining.

Krigen utanfor Europa[endre | endre wikiteksten]

Krigen vart òg utkjempa i Nord-Amerika og India. I Nord-Amerika vart konflikten kjend som Kong George-krigen og den mest nemneverdige hendinga var erobringa av den franske festninga LouisbourgCape Breton Island (Île Royale) av ein britisk ekspedisjon (29. april–16. juni 1745) av kolonimilitsen til oberst William Pepperrell av Maine (då ein del av Massachusetts). Louisbourg var då stort sett rekna som eit sjørøvarreir. Då det vart fred vart øya gjeve tilbake til Frankrike, noko som skapte mykje sinne i dei britiske koloniane. I India var ein av dei større hendingane den første karnatiske krigen (1746–1748), utkjempa av engelskmennene og franskmennene. Årsaka var at begge partar ønskte sin eigen kandidat til den austerrikske trona.

Generelle særmerke[endre | endre wikiteksten]

Preussen oppnådde ein stor triumf med god taktikk og disiplin, sjølv om dei ikkje var like mannsterke som fiendane sine. Dei andre stormaktene anerkjende styrkane deira etter krigen. Preussen var langt føre dei andre stormaktene når det kom til administrasjon, og særleg mot Austerrike var dette avgjerande. I tillegg var den prøyssiske hæren styrt direkte av Fredrik, i motsetnad til dei fiendtlege styrkane deira som var styrt av generalar under sine herskarar.

Som dei fleste konfliktane på denne tida var det stort sprik mellom målet med krigen og resultatet til slutt. Dei politiske planane til franskmennene og andre hærar var så grandiose som ein kunne få dei, og resultatet av planane vart langt dårlegare enn venta, og som med sjuårskrigen vart det vist at sjølv om den vesle ståande hæren på 1700-talet kunne erobre store landområde, klarte dei aldri dei store avgjerande slaga. Fredrik var den einaste av krigsherrane som nådde målet sitt. Franskmennene oppnådde lite, trass i sigrane dei fekk mot slutten, og på grunn av dette kom parisarane med uttrykket Bête comme la paix («dumt som freden»).

Ein kunne ikkje vente stort meir når hærane var samansette av allierte styrkar som vart sende til krigen med forskjellige hensikter. Dei allierte hærane i 1813 samarbeidde lojalt, for den gongen stod mykje på spel og dei arbeidde mot eit felles mål, medan hærane i 1741 var drivne av forskjellige personlege interesser frå fleire familiar, og ingen oppnådde i særleg grad noko som helst.

Krigen til sjøs[endre | endre wikiteksten]

Den delen av krigen som vart utkjempa til sjøs var sporadisk og forvirrande. Faktorar som gjorde det heile meir komplisert var at han vart vikla inn i den spanske krigen som braut ut i 1739 etter ein lang strid mellom Storbritannia og Spania over landområde i Amerika. Med unntak av ein periode heilt mot slutten vart sjøkrigen utkjempa utan kløkt og entusiasme. Dei spanske styresmaktene var kraftlause og sjøkrigen vart ofra til fordel for Filip sitt ønske om at å setje inn dei yngre sønene sine som herskarar i Italia. Den franske administrasjonen var korrupt og styresmaktene hadde hovudsakleg politiske interesser i Tyskland. Den britiske marinen var på sitt svakaste og minst effektive etter den langvarige regjeringsperioden til Sir Robert Walpole. Derfor vart ikkje krigen avgjort til sjøs, sjølv om han inneheldt nokre få intense kampar.

Krigen var derimot oppsiktsvekkjande for bruken av sjørøvarar på begge sider. Dette vart utført av spanjolane i Vestindia med stor suksess. Franskmennene var ikkje mindre aktive til sjøs. Mahé de la Bourdonnais sitt åtak på Madras vart i stor grad utført som eit sjørøvarraid. Britane gjorde gjengjeld med stor kraft.

Global krig[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia erklærte krig mot Spania 23. oktober 1739, ein krig som vart kalla krigen om øyra til Jenkins. Ein trudde overalt at dei spanske koloniane ville falle så snart dei vart angripe, og det vart lagt ein plan for å ta dei ein etter ein frå aust til vest. Ein styrke, både militær og marin, gjekk laus på dei frå Vestindia under admiral Edward Vernon. Ein annan styrke kommandert av kommandør George Anson, seinare Lord Anson, skulle runde Kapp Horn og gå til åtak på stillehavskysten i Latin-Amerika. Forseinkingar, dårleg førebuing, skipsverft, korrupsjon og upatriotisk krangling mellom offiserane i militæret og marinen førte til at britane låg langt bak tidsskjemaet. 21. november 1739 klarte likevel admiral Vernon å ta den dårleg forsvarte Porto Bello (i dagens Panama) – men det var ikkje mykje å skryte av. Han gjorde derimot ingenting for å hindre dei spanske konvoiane i å nå Europa.

Spanske sjørøvarar segla rundt og slo til mot den britiske handelsflåten både i Vestindia og i europeisk farvatn. Då Vernon hadde slege seg saman med Sir Chaloner Ogle og danna ein sterk flåte, gjekk dei til åtak på Cartagena i dagens Colombia (9. mars–24. april 1741). Forseinkinga hadde gjeve den spanske admiralen Don Blas de Lezo (1687–1741) tid til å førebu seg, og omleiringa mislukkast med store tap for britane.

Krigen i Vestindia, etter to andre mislukka åtak på spansk territorium, stoppa opp og vakna ikkje til liv att før i 1748. Ekspedisjonen til Anson segla seint, hadde lite forsyningar og var langt frå så sterk som ein trudde på førehand. Han hadde seks skip og forlét Storbritannia 18. september 1740. Anson returnerte aleine med flaggskipet «Centurion» den 15. juni 1744. Dei andre fartøya hadde anten ikkje klart å runde Kapp Horn eller gått tapt. Anson herja langs kysten av Chile og Peru, og hadde erobra ein spansk gallion av stor verdi nær Filippinane. Toktet hans vart rekna som ein resolutt og stor bragd.

Middelhavet[endre | endre wikiteksten]

Medan Anson segla rundt verda var Spania hovudsakleg fokusert på Italia. Ein skvadron vart utrusta ved Cádiz og førte troppar til Italia. Han vart overvaka av den britiske admiralen Nicholas Haddock. Då den blokkerande britiske skvadronen måtte forlate området for å hente forsyningar, nytta den spanske admiral Don Juan José Navarro høve til å leggje til havs. Han vart forfølgd, men då dei britiske styrkane fekk han i sikte, hadde Navarro slege seg saman med ein fransk skvadron under de Court (desember 1741). Den franske admiralen annonserte at han ville støtte spanjolane om dei gjekk til åtak og Haddock trekte seg tilbake. Frankrike og Storbritannia var på denne tida ikkje i direkte krig, men begge var involvert i kampane i Tyskland—Storbritannia som ein alliert av dronninga av Ungarn, Maria Teresia, og Frankrike som alliert av Bayern. Navarro og de Court segla til Toulon, der dei vart verande til februar 1744. Ein britisk flåte overvaka dei, under admiral Richard Lestock, fram til Sir Thomas Mathews vart send ut som ny kommandør.

Nord-Atlanteren[endre | endre wikiteksten]

Fiendskapen mellom Frankrike og Storbritannia kom til syne i andre havområde, men dei unngjekk krig fram til Frankrike kom med ei krigserklæring den 30. mars, noko Storbritannia svarte på dagen etter. Denne formaliteten kom etter dei franske førbuingane til ein invasjon av England, og etter eit slag mellom dei allierte og Mathews i Middelhavet i slaget ved Toulon. 11. februar vart eit forvirrande slag utkjempa, der fronten og midten i den britiske flåten gjekk til åtak på baksida og midten av den allierte flåten. Lestock, som ikkje kom overeins med dei som stod over han, tok ikkje del i handlingane. Han unnskylda seg med at ordrane til Mathews var motseiande. Mathews, ein forvirra og temperamentsfull mann, kjempa med iver, men nokså uorganisert, og braut formasjon til flåten sin, utan å vise ei tydeleg retning. Denne dårlege leiinga av den britiske flåten i kamp førte til kraftig sinne hos folket, og ei stor reform i den britiske marinen gav resultat før krigen var over.

Den franske invasjonsplanen vart lagd i lag med jakobittane, og soldatane skulle fraktast frå Dunkerque. Men sjølv om dei britiske styresmaktene ikkje klarte å føresjå dette, braut planen saman. I februar 1744 kom ein fransk flåte på tjue skip inn i Den engelske kanalen under de Roquefeuil, før den britiske styrken under admiral John Norris var klar til å møte han. Men dei franske styrkane var dårleg utstyrt, og admiralen var nervøs. Tankane hans var retta mot alt som kunne gå gale og vêret var dårleg. De Roquefeuil kom nesten så langt som til The Downs, før han fann ut at Sir John Norris låg på vent med 25 skip, og vende om.

Militæroperasjonen som vart førebudd i Dunkerque for å krysse kanalen med flåten til De Roquefeuil kom derfor aldri i gang. Marinen til Frankrike, som var svak på grunn av lang tid med forsømming og lite pengar i statskassa, viste seg då Jakobittopprøret starta i 1745 og franskmennene ikkje gjorde noko forsøk på å utnytte situasjonen.

Nederland hadde på denne tida slege seg saman med Storbritannia og gjorde seriøse forsøk på å utlikne Frankrike til sjøs. Nederlendarane måte derimot oppretthalde hæren sin i Flandern, så oppgåva til sjøs var underordna. Sidan dei ikkje var truga av store åtak, og hadde interesser både heime og i Tyskland, så var dei britiske styresmaktene seine med å nytte den forsterka marinen sin. Spania, som ikkje kunne kome med offensivar til sjøs, vart nesten oversett. I løpet av 1745 hadde operasjonen i New England erobra Louisburg (30. april–16. juni) med hjelp av den britiske marinen. I Austindia gjorde Mahé de la Bourdonnais fleire åtak med den vesle skvadronen sin, utan å møte motstand frå den britiske marinen. Han erobra Madras (24. juli–9. september 1746), ein hemnaksjon for Louisburg, og desse to vart bytta etter at krigen var over. Same året utførte britane fleire raid langs kysten av Frankrike for å ta skipsverftet til Det franske ostindiske kompaniet ved L'Orient, men dette klarte dei ikkje.

Frå 1747 til krigen enda i oktober 1748 tok marineaktivieten til Storbritannia seg opp. Dei heldt strengare oppsyn med kysten av Frankrike og innførte effektive metodar for å hindre kommunikasjon mellom Frankrike og dei amerikanske koloniane hennar. Om våren fekk dei informasjon om at ein viktig konvoi var på veg til Aust- og Vestindia frå L'Orient. Ein stor styrke under Anson sin kommando vart sendt ut for å avskjere konvoien i kanalen. Britane var overlegne og franskmennene vart fanga eller drivne tilbake den 3. mai i det første slaget ved Kapp Finisterre.

14. oktober vart ein annan fransk konvoi, verna av ein sterk skvadron, avskoren i Biscayabukta av ein godt organisert og meir talrik britisk skvadron, det vil seie franskmennene sine åtte skip mot britane sine fjorten. I det andre slaget ved Kapp Finisterre som følgde gjorde den franske admiralen Desherbiers de l'Etenduère (1681–1750) heltemodig motstand, og dei gode eigenskapane til skipet hans gjorde at han til ein viss grad klarte å slå tilbake mot Sir Edward Hawke, den britiske admiralen. Medan krigsskipa kjempa mot kvarandre kunne handelsfartøya segle uhindra til Vestindia. Her vart likevel dei fleste av dei angripe og kapra. Dette førte til at franskmennene innsåg svakheita si til sjøs og dei gjorde ikkje fleire forsøk.

Den siste marineoperasjonen fann stad i Vestindia, der spanjolane, som britane lenge hadde rekna for å berre ha små styrkar, vart angripne ved kysten av Cuba av ein britisk skvadron under Sir Charles Knowles. Dei hadde ein marinestyrke under admiral Reggio ved Havanna. Begge sidene var oppsette på å verne handelen sin, og avskjere dei andre. Britane var særleg ivrige etter å få kapra dei spanske skipa sidan dei var på veg heimover fullasta med edle metall frå dei amerikanske gruvene. Dei to skvadronane møtte kvarandre 1. oktober 1748 i Bahamakanalen. Britane var ikkje like målretta her som på andre sida av Atlanteren nokre dagar før, men Sir Charles Knowles hadde eit overtak. Han klarte aldri å nytte seg av dette før nyhenda om at krigen var over kom frå Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hals, Barthold: «Vektleggingen av Combined Arms i Hæren Arkivert 2015-10-27 ved Wayback Machine.» – føredrag i Oslo Militære Samfund mandag 10. desember 2007
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 2,17 2,18 2,19 2,20 2,21 2,22 2,23 2,24 2,25 2,26 2,27 2,28 2,29 2,30 2,31 2,32 2,33 2,34 2,35 2,36 2,37 2,38 2,39 2,40 2,41 2,42 2,43 2,44 2,45 2,46 2,47 «War Of The Austrian Succession». Encylcopaedia Britannica - 11. utgåve. 1911. Henta 15. januar 2008. 
  3. Vorhaug, Rolf: «Nasjonalismen – vår tids gift Arkivert 2008-07-23 ved Wayback Machine.». Opphavleg av Chris Harman som «The Return of the National Question» i International Socialism 2:56, her i omsett utgåve.
  4. Carlyle, Thomas, History of Friedrich II of Prussia V: Book XV Second Silesian War, Important Episode in the General European one. 15 August 1744-25 December 1745. Arkivert 2009-01-12 ved Wayback Machine. Kapittel 1: Del: Prince Karl gets across the Rhine (20 June-2 July 1744). (Project Gutenberg)