Hopp til innhald

Else-May Botten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Else-May Norderhus)
Else-May Botten

Botten under Trondheimskonferansen 2010
Foto: Jarle Vines
Fødd16. august 1973 (50 år)
Halsa kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Andre namnElse-May Norderhus
FarKolbjørn Botten
Alle verv

Else-May Botten (fødd 16. august 1973 i Halsa) er ein norsk politikar og stortingsrepresentant frå Arbeidarpartiet. Ho blei statsforvaltar i Møre og Romsdal i 2021.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Botten er fødd og voks opp i Halsa, på Nordmøre, og er seinare busett i Molde i Romsdal. Ho er dotter av musikaren Kolbjørn Botten.[2] Botten har studert økonomi og leiing ved Høgskolen i Molde, Høgskolen i Vestfold og Universitetet i Bergen.

Ho har bakgrunn som sekretær i LO i Møre og Romsdal frå 1995. Ho var medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal 2003–2007.

Ho var vararepresentant 2005–2009. I 2009 var ho Møre og Romsdal Arbeiderparti sin førstekandidat til Stortinget, og blei vald inn som fast representant ved 2009.

Botten blei utnemnd til statsforvalter i Møre og Romsdal i 2018.[3] Ho gjekk inn i stillinga 1. oktober 2021.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Kven er Statsforvaltar?». Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Henta 28. november 2021. 
  2. «Biografi: Norderhus, Else-May». Stortinget (på norsk). 9. november 2021. Henta 28. november 2021. 
  3. Trovåg, Einar Orten. «Tre nye fylkesmenn vart utnemnde i dag: – Uheldig om partifargen bestemmer». NRK. Henta 26. oktober 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]