Frank Bakke-Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Frank Bakke Jensen)
Gå til: navigering, søk
Frank Bakke-Jensen
none
Fødd 8. mars 1965 (52 år)

Båtsfjord

Parti Høgre
1. verv Norsk EØS- og EU-minister
 - periode 20. desember 2016
 - regjering Solberg
 - føregjengar Elisabeth Aspaker
2. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1. oktober 2009–
 - valkrins Finnmark
3. verv Ordførar i Båtsfjord
 - periode 24. oktober 2007–15. oktober 2009
 - føregjengar Geir Knutsen
 - etterfylgjar Gunn Marit Nilsen

Frank Bakke-Jensen (fødd 8. mars 1965 i Båtsfjord) er ein norsk politikar frå Høgre og EØS- og EU-minister i regjeringa Solberg frå 20. desember 2016.

Han var ordførar i Båtsfjord frå 2007 til han vart valt inn på Stortinget frå Finnmark fylke i 2009. Bakke-Jensen er utdanna innan skipselektronikk frå Hammerfest og Tromsø, og har bakgrunn frå skoleverket og som sjølvstendig næringsdrivande ekspeditør for Båtsfjord lufthamn.

Ordførar[endre | endre wikiteksten]

Bakke-Jensen vart valt som ordførar i 2007, trass i at Arbeidarpartiet fekk 54,7 prosent av stemmene og ni av femten representantar i kommunestyret. Etter nominasjonsvalet hadde fleire Ap-nominerte trekt seg frå lista, og når valet var gjennomført var to av utbrytarane valt inn. Ein av utbrytarane møtte ikkje på det konstituerande møtet, men det viste seg at også det første varamedlemmet braut ut. Jensen vart dermed valt med Høgres fire, Framstegspartiets to representantar i tillegg til dei to møtande utbrytarane frå Arbeidarpartiet. Som ordførar ivra Bakke-Jensen mellom anna for at Båtsfjord skulle få eigen vidaregåande skole, drifta av kommunen sjølv.

Stortingskomitear[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]