Frank Bakke Jensen
Frank Bakke Jensen (fødd 8. mars 1965 i Båtsfjord) er ein norsk politikar frå Høgre. Han var ordførar i Båtsfjord frå 2007 til han vart valt inn på Stortinget frå Finnmark fylke i 2009. Jensen er utdanna innan skipselektronikk frå Hammerfest og Tromsø, og har bakgrunn frå skoleverket og som sjølvstendig næringsdrivande ekspeditør for Båtsfjord lufthamn.
Ordførar [endre]
Jensen vart valt som ordførar i 2007, trass i at Arbeidarpartiet fekk 54,7 prosent av stemmene og ni av femten representantar i kommunestyret. Etter nominasjonsvalet hadde fleire Ap-nominerte trekt seg frå lista, og når valet var gjennomført var to av utbrytarane valt inn. Ein av utbrytarane møtte ikkje på det konstituerande møtet, men det viste seg at også det første varamedlemmet braut ut. Jensen vart dermed valt med Høgres fire, Framstegspartiets to representantar i tillegg til dei to møtande utbrytarane frå Arbeidarpartiet. Som ordførar ivra Jensen mellom anna for at Båtsfjord skulle få eigen vidaregåande skole, drifta av kommunen sjølv.
Stortingskomitear [endre]
- 2009–2013 medlem i Næringskomiteen
Bakgrunnsstoff [endre]
- Frank Bakke Jensen hos Stortinget
- Frank Bakke Jensen hos Finnmark Høgre
| Føregjengar Geir Knutsen |
Ordførar i Båtsfjord 2007– |
Etterfylgjar Gunn Marit Nilsen |