Wikipedia:Visste du at-arkiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
NGC 2440
  • ...havoverflatetemperaturen i tropane i krittida truleg var så varmt som 42 ºC på det varmaste, 17 ºC varmare enn i dag?
  • ...oksygenkatastrofen tok livet av nesten alt liv på jorda for 2,4 milliardar år sidan på grunn av det oppstod oksygen, som vart giftige for organismane på den tida, i atmosfæren?
  • ...den totale eksplosive energien utløyst av dei 224 atomprøvesprengingane på Novaja Zemlja tilsvara 265 megatonn TNT, samanlikna med berre totalt to megatonn for samtlege eksplosiva nytta under andre verdskrigen?
  • ...det fanst mammutarWrangeløya fram til 1700 f.Kr., dei sistlevande mammutane ein kjenner til?
  • ...Severnaja Zemlja, ei russisk øygruppe nord for Sibir med nokre av dei større øyane i verda, først vart oppdaga i 1913 og dermed vart det siste store landområde som vart oppdaga på jorda?
  • ...Ringnesøyane i den russiske øygruppa Monaøyane er kalla opp etter det norske bryggeriet Ringnes?
Rumpetrollgalaksen
Øya Ada Bojana ved munnningen til Bojana
  • ...den kunstige øya Ada Bojana på nesten 5 km² i Montenegro vart danna då eit skip sokk ved munningen av elva Bojana og avleiringar samla seg kring skipet?
  • ...somme termofile mikroorganismar som lever i varme kjelder kan veksa ved temperaturar på så mykje som 121°C?
  • ...Valletta, hovudstaden på Malta, berre er den 27. største byen i landet?
  • ...Ġgantija med ein alder på meir enn 5500 år er dei eldste frittståande strukturane, og dei eldste religiøse byggverka i verda, sjølv eldre enn pyramidane i Egypt og Stonehenge?
  • ...ekstremvêret Tuva var det første som råka kyststrekninga frå Agder til svenskegrensa sidan Gudrun i januar 2005?
  • ...hovudbelteasteroide 116 Sirona er kalla opp etter den keltiske gudinna for astronomi?
  • ...hundedagane har fått namnet sitt frå hundestjerna?
  • ...det er påvist at menneskele har brukt eld i minst 300 000 år?
  • ...luxembourgsk geografi, trass i storleiken på landet, er variert og inneheld viktige verneområde?
  • ...vengene til humla ber ho fordi vengene går som propeller som både gir kraftig oppdrift og framdrift. Dette gjer at ho òg kan bere pollenkorger på føtene.
  • ...Liechtenstein og Usbekistan er dei einaste landa i verda utan kyst som grenser til andre land som heller ikkje har kyst?
  • ...namnet på den nye samiske dagsavisa som blir resultatet av samanslåinga av Min Áigi og Áššu vart kunngjort 18.1? Den nye avisa skal heite Ávvir, og ho skal kome ut til Samefolkets dag 6. februar.
  • ...den vel tusen kilometer lange elva Tsju i Kirgisistan og Kasakhstan ikkje munnar ut i ein innsjø eller ei elv, men berre tørkar ut på den kazakhstanske steppa?
  • ...Aralsjøen tidlegare var den fjerde største innsjøen i verda, men no berre er 25 % av den opphavlege storleiken og delt i tre mindre innsjøar?
  • ...byen Pistoia i Italia har gjeve namn til pistolen, som ein produserte her på 1500-talet?

Sjå òg Wikipedia:Visste du at-arkiv 2004-2007.