Wikipedia:Utvald artikkel/2007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utvald artikkel. Arkiv: 20042005200620072008200920102011201220132014

Kandidatar Bullet red.png Kalender

I dag er det fredag, 19. september 2014Oppdater sida (t)    


Veke 1
Tospråkleg vegskilt

Irsk (også irsk gælisk; Gaeilge (na hÉireann)) er eit keltisk språk som vert tala og nytta på øya Irland. Det er det fremste offisielle språket i Republikken Irland, sjølv om eit stort fleirtal av folkesetnaden har engelsk som fyrstespråk. Irsk har fått ei formell godkjenning som minoritetsspråk i Nord-Irland. I Langfredagsavtala av 1998 aksepterte den britiske regjeringa irsk og låglandsskotsk som minoritetsspråk i provinsen. 13. juni 2005 vart det samrøystes vedteke at irsk gælisk vert eit offisielt språk i den europeiske unionen. Vedtaket får verknad frå 1. januar 2007. Les meir…

Førre tre veker: Kristian II av Danmark-NorgeLevande lysEl Niño


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2
Snøras ned ei fjellside

Snøras, òg kalla snøskred eller lavine, er ei nemning på eit ras av snø og is ned ei fjellside eller frå ei høgd til ei anna. Små snøras kan til dømes kome frå hustak. Eit slikt ras oppstår når snø bygger seg opp i ei skråning, og til slutt gjev etter for tyngdekreftene. Snøras er altså eit døme på ein tyngdestraum av granulært material. Eit stort snøras kan flytte seg mange kilometer, og gjere kolossale øydeleggingar i skogområde og på andre ting som måtte kome i vegen. Les meir…

Førre tre veker: IrskKristian II av Danmark-NorgeLevande lys


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3
Dette lågtrykket over Island roterar mot klokka på grunn av balanse mellom Corioliskrafta og trykkgradienten

Corioliskrafta er ei tilsynelatande avbøying av ein lekam som flyttar seg i eit roterande referansesystem.

Corioliseffekten som jordrotasjonen er årsak til, skaper presesjonen til ein Foucaultpendel, og for rotasjonsretninga til trykksystem. Generelt sett vil ein lekam i rørsle bøye av mot høgre på nordlege halvkule og mot venstre på sørlege halvkule. Dette fører til at vind rundt eit lågtrykk roterer mot klokka på nordlege halvkule og med klokka i sør. Corioliseffekten er derimot forsvinnande liten for rotasjon av vatn i toalett og badekar, så her er det andre faktorar som avgjer rotasjonsretninga.

Effekten har fått namnet sitt etter Gaspard-Gustave Coriolis, ein fransk forskar som skildra fenomenet i 1835, men matematikken oppstod allereie i tidvasslikningane til Pierre-Simon Laplace i 1778. Les meir…

Førre tre veker: SnørasIrskKristian II av Danmark-Norge


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4
Gol stavkyrkje 1846

Gol stavkyrkje er ei stavkyrkje frå Gol i Buskerud frå rundt 1200 som no står på Norsk FolkemuseumBygdøy i Oslo. Kyrkja var i vanleg bruk på Gol i fleire hundre år, men blei gradvis så nedslitt og fullstappa at kyrkjelyden fekk bygd ei ny. Stavkyrkja skulle rivast, men blei redda av Fortidsminneforeningen og kong Oscar II, som fekk henne flytta til Bygdøy og restaurert til slik ein meinte ho hadde vore før reformasjonen.

Kyrkja har sidan 1884 vore eigedommen til den regjerande monarken i Noreg, men blir halden ved like av folkemuseet. Det er laga fire kopiar av henne, to i Noreg og to i USA. Les meir…

Førre tre veker: CorioliskraftaSnørasIrsk


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5
Myllarguten

Torgeir Augundsson (18011872), best kjend som Myllarguten, var ein segngjeten spelemann frå Sauherad i Telemark. Han var son av Augund Torgeirsson frå Rinde i Sauherad, og kona hans, Gunhild Sigurdsdotter.Faren var husmann, og flytte noko ikring på plassane i Sauherad medan Targjei var gut. Augund var møllar, og borna hans vart kalla «Møllarungein», og Targjei vart heitande «Møllarongen» eller «Myllarguten» i øvre Telemark. Under dette namnet vart han vidgjeten.

Myllarguten var snøgg til å støype ihop gamle former til nye, snar til å byggje ut store slåttar av små. Han har ord på seg for å ha støypt om telemarksspelet til det det er i dag. Les meir…

Førre tre veker: Gol stavkyrkjeCorioliskraftaSnøras


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6
Traktor (Ivel) med plog frå 1905.

Ein traktor er eit køyretøy som er laga for å drive ulike arbeidsreiskap i jordbruk og skogbruk, og for å dra tunge lass på ujamnt og lite berekraftig underlag. Hjula har stor diameter og breidd og er utstyrte med mønster utforma for å gje godt feste utan å riva opp overflata. For å auka bereevna og markgrepet er lufttrykket i hjula etter måten lågt. Traktorar går ikkje fort, kraftoverføringa er konstruert med låg utveksling for at dei skal kunne dra tungt.

Traktorar var opphavleg mynta på å dra reiskap, som til dømes ein plog, etter seg. Moderne traktorar er utstyrte med hydraulisk trepunktsoppheng for å kunne lyfte og kraftuttak for å driva roterande arbeidsreiskap. Tidlegare var velteulukker vanlege, noko som førte til dødsulukker. Det er no påbod om at traktorar skal vera utstyrte med vernebøyler. Les meir…

Førre tre veker: MyllargutenGol stavkyrkjeCorioliskrafta


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7
Eit menneskehjarte.

Eit hjarte (latin cor, fleirtal cordis) er eit holt muskulært organ som pumpar blod eller andre kroppsvæsker gjennom kroppen ved å gjennomføra stadige rytmiske samantrekningar. Det finst kretsløpssystem utan hjarte (t.d. hos leddormar), med eit hjarte (t.d. hos kjevemunnar) og med fleire hjarte (t.d. hos slimålar). Hos dyr som har lukka kretsløpssystem (t.d. virveldyr) pumpar hjartet blod gjennom blodårar, medan det syter for at all kroppsvæske strøymer gjennom heile kroppen hos dyr som har ope kretsløpssystem (t.d. leddyr).

Hos menneske ligg hjartet til vanleg noko til venstre for midten av brystkassa (toraks), under brystbeinet (sternum). Det ligg i ein sekk kalla hjarteposen (perikard), klemt inne mellom høgre og venstre lunge. Hjartet kviler mot mellomgolvet (diafragma). Hjartet har ein spiss, apeks, denne er normalt vend mot venstre. Hos barn ligg denne spissen høgt, hjartet ligg vassrett, hos vaksne er spissen retta meir nedover. Les meir…

Førre tre veker: TraktorMyllargutenGol stavkyrkje


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8
Regnbyge i Danmark

Nedbør er eit meteorologisk samlingsnamn for ulike former av vatn som fell ned frå himmelen. Det kan koma i form av regn, snø, hagl, underkjølt regn, virga og sludd. Nedbør er ein svært viktig del av vasskrinslaupet, og er kjelda til mesteparten av ferskvatnet på Jorda. Kondensering som dogg eller skodde blir ikkje rekna som nedbør. Les meir…

Førre tre veker: HjarteTraktorMyllarguten


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9
Kihnu fyr i Estland

Eit fyr er eit sjømerke med lys til å rettleie navigasjonhavet. Fyra sender ut lys frå eit system av lamper og linser. Saman med andre innretningar som gjev synlege og elektroniske signal utgjer fyra eit system til å rettleie trafikken til havs og langs kysten. Det finst felles internasjonale merkesystem som dei maritime nasjonane følgjer.

27. februar 1655 blei det første fyret tent i Noreg. I dag er totalt 107 anlegg i landet definert som fyrstasjonar. Les meir…

Førre tre veker: NedbørHjarteTraktor


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10
Symbol for kvinnemakt frå 1970-talet.

Kvinnerørsla er ei brei rørsle som har kjempa dels for kvinnene sine rettar i samfunnet og dels for ei endring av fastlåste kjønnsroller. Rørsla kom til som eit resultat av lang tids undertrykking og undervurdering av kvinner i det vestlege samfunnet, i samanheng med tankane frå opplysingstida om at alle menneske har lik verd og like rettar. Rørsla har særleg vore viktig for kvinnesaka i Vesten, både ved at dei har vore hovuddeltakarane i henne, og ved at det er dei som har oppnådd mest av det ho har kjempa for. Resten av verda er òg blitt påverka av kvinnerørsla, men ofte på noko ulikt vis. Les meir…

Førre tre veker: FyrNedbørHjarte


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11
Utsikt frå Rundefjellet mot Goksøyra. (Foto: T. Müller)

Runde er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre. Runde er internasjonalt kjent for fuglefjellet sitt, men har også mykje besøk frå skattejegarar som ynskjer å finne gull- og sølv-myntar etter «Akerendam»-forliset ved øya på 1700-talet.

Fuglefjellet ligg på vestsida av Rundefjellet og er heim til omlag 500 000 fugl, mellom anna lundefugl, havsule, krykkje, alke og lomvi. Skarveura ligg på nordsida av øya, og her finst ein av verdas største koloniar av toppskarv. I dei bratte grasbakkane på nord- og austsida finn vi eit stadig veksende tal med havhest. Fuglebestanden var truga då malmskipet MS «Arisan» den 12. mars 1992 lak fleire tonn med tungolje etter å ha gått på grunn på skjeret Geitmaren. Les meir…

Førre tre veker: KvinnerørslaFyrNedbør


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12
Maria måla av Alonso Cano

Jomfru Maria, Maria møy eller Maria frå Nasaret, var Jesu Kristi mor og er den fremste helgenen i kyrkja. I Det nye testamentet er ho omtalt i evangelia og Apostelgjerningane. Ved konsilet i Efesos gav konsilfedrene henne tittelen Theotokos, 'Guds mor'. Koranen omtalar henne som utvald av Gud framfor alle kvinner i verda; ho er nemnd i sju av kapitla i Koranen, eitt av med namnet hennar som tittel. Ho er framstilt i talrike kunstverk, der ho som regel berre blir kalla «Madonna» — 'Vår frue'.

Den kyrkjelege merkedagen Maria bodskapsdag, til minne om at Maria fekk bod fra engelen om at ho skulle bli med barn, blir som oftast feira den 25. mars. Les meir…

Førre tre veker: RundeKvinnerørslaFyr


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13
David Bowie i 1987

David Bowie (f. 8. januar 1947), fødenamn David Robert Jones, er ein engelsk songar og soloartist. Han har vore ei superstjerne innan populærmusikken i fem forskjellige tiår. Han er kjend som kameleonen i populærmusikken, han har forutsett trendar og justerer stil og personlegdom deretter, samtidig som han held fast på sine eigne idéar. Hans første skritt mot popularitet var med den folk-rock inspirerte Space Oddity i 1969, men han er betre kjend som den androgyne glamrockarenHunky Dory (1971), The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972) og Aladdin Sane (1973). På 1970-talet blanda han kunst, filosofi og litteratur inn i musikken og løfta pop- og rockemusikk til eit meir sofistikert nivå. I albuma han har gitt ut etter dette har han utforska soul, elektronika og new wave, ofte før desse sjangerane vart populære eller i det heile oppstod. Bowie har òg arbeida som film- og teaterskodespelar, plateprodusent, musikkvideoregissør og kunstnar. Les meir…

Førre tre veker: Jomfru MariaRundeKvinnerørsla


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14
Gamlebyen i Tallinn

Tallinn (eldre Lindanäs; ty. og (tidl.) sv.: Reval) er hovudstad og med eit folketal omkring 400 000 den største byen i Estland. Byen ligg heilt nord i landet ved Finskebukta. Namnet på estisk språk er ei samandraging av Taani linn, noko som tyder «danskeborga» eller «den danske byen». I samband med andre verdskrigen vart svenskane og tyskarane tvinga til å flytta ut av landet.

Gamlebyen i Tallinn vart i 1997 teken med på verdsarvlista til UNESCO. Les meir...


Førre tre veker: David BowieJomfru MariaRunde


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15
Ikonet Guds mor «Hodigitria», kledd med sølvplate. russisk ikon

Eit ikon, av gresk εικων (eikon) 'bilete', er ei nemning for religiøse måleri på trepanel i bysantisk stil, og som spesielt har plass i den russisk-ortodokse og den gresk-ortodokse kyrkja. I denne tradisjonen er ikkje ikonet berre ein illustrasjon, men ein berar av ein religiøs bodskap. Ikonet vert derfor bruka i samband med bøn og meditasjon. I den ortodokse gudstenesta finst det ein eigen liturgi for velsigning av ikon.

Ordet ikon kan òg brukast i overførd tyding om eit ideal eller førebilete. Etter påverkand frå engelsk språk kan ordet òg brukast om bilete som er lett å kjenne att, slik som ikona på skrivebordet på ein dataskjerm. Les meir…

Førre tre veker: TallinnDavid BowieJomfru Maria


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16
Vassdamp skapar bobler i kokande vatn.

Vassdamp er gassfasen til vatn. På jorda er vassdamp ein av fasane i vasskrinslaupet i hydrosfæren. Vassdamp vert danna ved at flytande vatn fordampar eller ved at is sublimerar. Under normale atmosfæriske forhold vil vatn heile tida fordampe, medan vassdampen kondenserar. Det er ikkje mogeleg å sjå vassdamp direkte med det blotte auget, men ein kan sjå han indirekte, til dømes som bobler i kokande vatn.

Vassdamp står for det meste av den naturlege drivhuseffekten på jorda. Les meir…

Førre tre veker: IkonTallinnDavid Bowie


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17
William Shakespeare

William Shakespeare (23. april 156423. april 1616) var ein engelsk diktar og skodespelforfattar, og har det største ryet av alle engelskspråklege forfattarar.

Shakespeare er ikkje berre stor når det gjeld poetisk og dramatisk form, evna hans til å fange og formidle dei djupaste sidene av den menneskelege naturen blir av mange sedd som eineståande. Som ein òv-stor figur i verdslitteraturen har han framleis innverknad i alle verdsdelar. Han er omsett til alle viktige mål, og skodespela hans blir spela heile tida, verda rundt. Han er mellom dei få som har skrive både tragediar og komediar godt.

Shakespeare skreiv verka sine mellom 1588 og 1616. Han fekk gjort svært mykje når ein tenkjer på at han berre vart 52 år gammal. Innverknaden hans i den engelskspråklege verda ser ein mellom anna i den vide bruken av sitat frå skodespela hans og i talet på åndsverk basert på Shakespeare-uttrykk. Les meir…

Førre tre veker: VassdampIkonTallinn


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18
Roger Waters på Viking Stadion i Stavanger 26. juni 2006

Roger Waters (eigentleg George Roger Waters, fødd 6. september 1943) er ein engelsk rockemusikar, songar, bassist, gitarist, låtskrivar og komponist. Han er mest kjend for karriera si med bandet Pink Floyd frå 1965 til 1985 der han var medlemmet som skreiv flest songar, spelte bass og var ein av fleire vokalistar. Han var òg hjernen bak fleire av bandet sine konseptalbum og mange av symbola knytta til Pink Floyd (som grisar og marsjerande hammarar)

Etter han forlot Pink Floyd byrja han på ei moderat suksessrik solokarriere og har gjeve ut tre studioalbum, og arrangert ein av dei størtse konsertane nokonsinne, The Wall-konserten i Berlin i 1990. I 2005 gav han ut operaen Ça Ira og vart gjenforent med Pink Floyd for ein enkelt opptreden på Live 8-konserten i London, 2. juli 2005. Det var deira første opptreden i lag på 24 år. Les meir…

Førre tre veker: William ShakespeareVassdampIkon


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19
Prinsippskisse av skilde typar ASD. Ein ser inn i eit opna høgre framkammer. "Mercedesstjerna" er trikuspidalklaffen. HV: høgre hjartekammer; VCS: øvre holvene; VCI: nedre holvene; 1: øvre sinus venosus-defekt; 2: nedre sinus venosus-defekt; 3: secundum-defekt; 4: ved koronarsinus; 5: primum-defekt.

Atrieseptumdefektar (forkorta ASD) er ei gruppe medfødde hjartefeil, med opning mellom framkammera i hjartet. Dei forskjellige slaga er svært ulike og krev ulik behandling. Kor alvorleig ein slik feil er varierar mykje. Verknaden i alvorlege tilfelle er fyrst og fremst hjartesvikt. Ein nyttar òg omgrepet atrieseptumdefekt om opningar i skiljeveggen som er laga med hensikt. Forekomst er omlag ein per 1 500 levande fødde.

Den foretrukne behandlinga er å lukke holet, anten kirurgisk eller intervensjonelt (med kateterteknikk). Så lenge trykket i lungekretsløpet ikkje er for høgt er dette inngrep med låg risiko og pasienten kan rekna med normal livslengd. Dersom trykket i lungekretsløpet er høgt er det eit spørsmål om tilstanden er reversibel eller ikkje. Trykket kan bli så høgt at pasienten ikkje kan opererast. Verdas første operasjon i eit opna hjarte var ei lukking av ein ASD. Det skjedde 2. september 1952.

Førre tre veker: Roger WatersWilliam ShakespeareVassdamp


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20
Hardangerbunad

Bunad (frå kledebunad, der norrønt «búnaðr» har same rot som [føre]bu) er ei samnemning brukt om klesdrakter i tradisjonell nordisk stil — ofte utvikla frå folkedrakter, men likevel i ein eigen tradisjon. Ein bunad er typisk ei forseggjort og kostbar drakt, med broderi og handsmidde smykke i gull eller sølv. Bunad og bunadbruk er eit debattemne med mange ulike oppfattingar, til dømes om kva som er ein bunad, og om ein kan endra på utforminga av draktene eller ikkje.

Den norske bunadrørsla går tilbake til folkedansrørsla og føregangsfolk som Hulda Garborg og Klara Semb. I dag blir bunad brukt som nasjonaldrakt. Festbunad er likestilt med gallaantrekk, og ofte nytta ved særskilde høve, som konfirmasjonar eller den norske nasjonaldagen 17. mai. Ein mindre forseggjort bunad som kan nyttast til kvardags, vert kalla kvardagsbunad. Les meir…

Førre tre veker: AtrieseptumdefektRoger WatersWilliam Shakespeare


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21
Slemmestad sett frå Bøsnipa. Oslo ligg i det fjerne aust for Oslofjorden. Nesodden kjem inn frå høgre.(Foto: Kjetil Lenes)

Slemmestad er største staden i Røyken kommune i Buskerud fylke. Han ligg ved Oslofjorden, ved grensa mot Asker i Akershus. I tillegg til noko småindustri er plassen prega av arbeidspendling mot Drammen og Oslo. Tettstaden Slemmestad oppstod rundt sementfabrikken, som var i drift frå 1888 til 1989, og var lenge ein einsidig industristad.

Saman med Bødalen utgjer Slemmestad no den søraustlegaste delen av tettstaden Oslo. Slemmestad har kraftig tilflytting, og ferjesamband med Oslo sentrum, buss til Drammen og Oslo. Les meir…

Førre tre veker: Bunad - AtrieseptumdefektRoger Waters


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22
Dogg på gras.

Dogg er vassdropar som oppstår på lekamar i naturen om morgonen eller kvelden. Når bakken vert avkjølt ved varmeutstråling fører dette til at lufta like over bakken òg blir avkjølt. Dermed kan lufta verte metta og vassdamp kondenserer til små vassdropar på små lekamar som grasstrå og blad. Viss temperaturen er låg nok, kan dogget verte til is. Dette vert kalla rim eller rimfrost.

Sidan dogg er avhengig av overflatetemperaturen for å oppstå, vil det som regel oppstå på flater som ikkje får tilført mykje varme frå lågare jordlag, slik som gras og løv, rekkverk, biltak og bruer. I gresk mytologi er Ersa gudinna for dogg. Les meir…

Førre tre veker: Slemmestad - Bunad - Atrieseptumdefekt


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23
Det portugisiske imperiet under João III

Det portugisiske imperiet var det første verdsomspennande imperiet i historia, og det eldste og mest langvarige av dei vest-europeiske kolonirika. Imperiet varte frå 1415 til 1999. Det var tilknytinga til havet som gjorde at kongedømmet kunne erobre Ceuta i 1415 og utforske Atlanterhavet tidleg på 1400-talet. Henrik sjøfararen grunnla ein sjøfartsskule i Sagres, og dette fostra nyvinningar som karavellen i tillegg til at den portugisiske kartografien vart vidareutvikla. Hundre år seinare vart målet nådd om å finne ei sjørute til India, og Portugal byrja å ekspandere utover i verda. Dei berømte oppdagarane Bartolomeu Dias, Vasco da Gama og Magellan var portugisarar, sjølv om den sistnemnde seglde for den spanske krona, som var Portugal sin konkurrent innan sjøfart etter 1492.

Imperiet var avgrensa til ei samling av små men godt vakta utpostar langs kysten, på grunn av Portugal sitt relativt låge folketal og litle utstrekning. Det oversjøiske portugisiske imperiet fekk ein endeleg slutt då Portugal overleverte Macau over til Kina i 1999, sjølv om Aust-Timor var eit de jure portugisisk territorium fram til det vart uavhengig i 2002. Imperiet har fått ein kulturell arvtakar gjennom Samveldet av portugisisktalande statar, CPLP. Les meir…

Førre tre veker: Dogg - Slemmestad - Bunad


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24
Eigeroy lighthouse.jpg

Eigerøy fyrstasjon er eit kystfyr på den vesle øya Midbrø ved Eigerøy i Eigersund kommune i Dalane i Rogaland. Stasjonen vart oppretta i 1854 og var den fyrste i landet med fyrtårn i støypejarn. Stasjonen vart automatisert og avfolka i 1989.

Tårnet er eit raudt jarntårn med eit kvitmåla belte. Det reiser seg 32,9 meter til ei høgd på totalt 46,5 meter over havet. Innvendig er det 134 trappetrinn frå sokkelen opp til lykthuset på tårnet. Lyskjelda gjev tre blink med rundtlysande kvitt lys kvart 30. sekund. Fyrlinsa er av første orden, med ei lysstyrke på 3 905 000 candela, og ei lysvidde på 18,8 nautiske mil. Eigerøy fyrstasjon er framleis rekna å vere eit lyssterkt fyr. Les meir…

Førre tre veker: Det portugisiske imperiet - Dogg - Slemmestad


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25
Sayid Qutb sketch.png

Sayyid Qutb (9. oktober 1906–29. august 1966) var ein egyptisk, muslimsk tenkjar som frå 1940-åra vart ein av hovudpersonane i den egyptiske organisasjonen Det muslimske brorskapet. Synet hans hadde vidfemnande og djuptgåande verknad og vert i dag sett på som ein del av den grunnleggjande ideologien bak islamismen, og det har eggja mange fundamentalistiske rørsler. Han er kjend som «mannen bak idéane som ville skape Al-Qaida».

Dei viktigaste bøkene han skreiv er Sosial rettferd i islam, I skuggen åt Koranen og Milestolpar på vegen. Qutb meinte at Vesten stod for materialisme, medan Austen hadde eit meir åndrikt syn. I 1966 vart han dømt skuldig i samansverjing mot Egypt og vart gjeven dødsdom.

Dauden gjorde Qutb enno meir mektig. Tankane hans, og særleg dei i Milstolpar.., vekte ein generasjon radikale, både fredelege og opprørske. Det er mange som hevdar at Qutb sjølv ikkje stødde terrorisme. Den engelske omsetjaren av I Koranen sin skugge seier at han sjølv høyrde Qutb eggja radikale ungdom til å velja fredelege vegar. Les meir…

Førre tre veker: Eigerøy fyrstasjon - Det portugisiske imperiet - Dogg


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26
{{{2}}}

Charles Parker Jr. (29. august 1920 – 12. mars 1955) var ein jazzsaksofonist og -komponist, og er rekna for å vere mellom dei fremste musikalske nyskaparane i det 20. hundreåret. Parker fekk tidleg aukenamnet Yardbird, seinare korta ned til Bird. Mange kallar Parker faren til moderne jazz; dei fleste seriøse jazzmusikarar etter han har på eit tidspunkt i utviklinga studert Parker sin innfallsvinkel til melodi og harmoni og teke opp i seg noko av stilen hans. Parker er opphavet til ei rekkje standardlåtar, som «Donna Lee», «Anthropology» og «Blues For Alice».

Charles Parker Jr. døydde i 1955, 35 år gammal, som ei følgje av heroin-misbruk. Hans tidlege død medverka til myten rundt han, og ei legende er at «Bird lever» («Bird Lives»). I 1998 regisserte Clint Eastwood den biografiske filmen «Bird». Les meir…

Førre tre veker: Sayyid Qutb - Eigerøy fyrstasjon - Det portugisiske imperiet


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27
Viperaberus1.jpg

Hoggorm (Vipera berus) er ein av meir enn 200 artar i hoggormfamilien, den einaste av desse som lever fritt i Nord-Europa, og den einaste giftslangen som lever i Norden.

Av alle slangeartane i verda er hoggormen den som har størst geografisk utbreiing. Han lever over det meste av Europa og Asia, frå Storbritannia i vest til Kinas stillehavskyst i aust, og godt nord for polarsirkelen i nord. Han finst i nær sagt all slags terreng, opp til ca 3 000 meters høgd over havet.

Hoggorm kan bite menneske når han vert provosert eller ikkje kan komme unna. Dødsfall etter hoggormbit er sjeldne i Noreg. Det er likevel viktig at ein som er biten av hoggorm held seg i ro. Alle som er bitne bør kontakte lege. Les meir…

Førre tre veker: Charlie Parker - Sayyid Qutb - Eigerøy fyrstasjon


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28
Gamle jernprodukt i Agatunet i Hardanger.

Jernframstillinga i Noreg har føregått i over 2000 år. Jern er eit viktig metall, og spor etter fortidas jernframstilling gjev eit unikt innblikk i produksjonen av ein av dei viktigaste råvarene i jernalderen og mellomalderen. Det har vore nytta fleire ulike framstillingsteknikkar, men prinsippet har likevel vore det same heilt til den moderne masomnen tok over for fullt i Noreg for ca 200 år sidan. Jernframstillinga føregjekk som oftast nær myr i utmark, område som er lite attraktive med tanke på jordbruk. Dette gjer at jernframstillingsplassane i mange tilfelle har fått liggje urørt, og er difor godt egna til arkeologiske undersøkingar.

Råstoffa ein treng til jernvinne er myrmalm og tre, men prosessen som fører til det ferdige jernet er likevel komplisert. Sjølv med all kunnskapen me i det moderne samfunn har om metallurgi, har ingen i nyare tid klart å framstille godt og smibart jern på same måte som dei gjorde i jernalderen og mellomalderen. Les meir…

Førre tre veker: HoggormCharlie ParkerSayyid Qutb


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29
Gråkallbanen i Trondheim.

Ei sporvogn er skinnegåande kollektivtransport som køyrer blant annan trafikk i og mellom byar. Det finst reine motorvogner så vel som motorvogn med tilhengar. Moderne sporvogner er ofte leddvogner med eitt eller fleire ledd. Kraftkjelda er normalt elektromotorar som hentar straum frå leidningar hengde opp over vogna. Det finst også system som blir trekte av kabel i bakken (San Francisco) eller har diesel-/bensinmotorar; det siste gjerne i kombinasjon med elektromotorar — sokalla hybridbanar. Dei fyrste sporvognene blei trekte av hestar.

Den fyrste sporvognlina i verda blei starta i Baltimore i Maryland i USA i 1828. Sporvogn var tidlegare eit populært transportmiddel i byar, men talet på sporvognliner i verda gjekk attende etter andre verdskrigen. Dei siste åra er talet på byar med sporvogn stigande.

Sporvogn i Noreg blir ofte kalla trikk. Dette namnet kjem frå den fyrste tida med elektrisk drift i Oslo. Sporvogna blei då kalla «Elektrikken» og namnet blei seinare forkorta. I dag er det Oslo Sporveier som driv sporvogna i Oslo. Den einaste kommersielle sporvognslina utanfor Oslo er Gråkallbanen i Trondheim. Les meir…

Førre tre veker: Jernvinne i NoregHoggormCharlie Parker


Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30
Nidarosdomen før restaurering (1857)
Nidarosdomen etter restaurering (2006)

Nidarosdomen var ved midten av 1800-talet redusert til ei halvt ruinert byggverk som hadde mist mykje av det opphavlege preget sitt. Kyrkja hadde vore utsett for fleire brannar, ulukker, provisoriske reparasjonar og manglande vedlikehald. Restaureringa av Nidarosdomen var eit hundreårig arbeide som endra kyrkjeresten til den storslåtte katedralen vi ser i dag. Restaureringsarbeidet er det største som noen gong er gjort i Noreg, og vala som vart tatt under restaureringa pregar i høgaste grad bygningen slik han står fram i dag. Dette skuldast særleg at det er svært avgrensa kjelder til den opphavlege utsjånaden til kyrkja, noko som kravde ein stor grad av rekonstruksjon og gjenoppbygging på friare kunstnarisk grunnlag. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31
E-kall og e

Ærfuglen, Somateria mollissima, er ei stor marin dykkand som held til ved kysten i dei nordlege polarområda. Hannfuglane har eit lett kjennbart mønster av svarte og kvite felt medan hoene er brunspetta. Fuglen har vore kjelde til egg og dyrebare dun sidan førhistorisk tid, og blir fortsatt halde halvvegs som husdyr i det nordlege Noreg og på Island.

Duna ærfuglen fôrar reiret sitt med er særskilt mjuke, og er derfor mykje ettertrakta som fyll i dyner og liknande. Edderdun skil seg frå andre typar ved at dei ikkje har stilk, men mothaker som hektar seg i kvarandre, slik at dei dannar ein mjuk, samanhengande dott. Dunsanking har vore ein viktig næringsveg langs kysten, og fuglar og menneske har utvikla eit samspel som begge har nytte av. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32
Lynedslag i Eiffeltårnet i 1906 — eit av dei første bileta av lyn i eit urbant område.

Lyn er ei kraftig naturleg elektrostatisk utladning som oppstår i torevêr. Den elektriske utladninga er etterfulgt av eit skarpt synleg lys og andre former for elektromagnetisk stråling. Den elektriske straumen som strøymer gjennom utladingskanalen varmar raskt opp lufta til plasma og utvidar lufta. Dette fører til ei akustisk sjokkbølgje i atmosfæren som me høyrer som torebrak.

I snitt blir jorda treft av 100 lynnedslag kvart sekund. Ulike typar lyn skadar årleg omlag 2 000 menneske i verda. Det finst eigentleg ingen trygge plassar utandørs i torevêr. Ein av dei beste plassane er inni ein bil som verkar som eit slags faradaybur. Innandørs vernar ofte lynavleiarar mot skader. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33
Petter Dass signatur.jpg

Petter Dass (16471707, truleg dødsdato 17. august) var ein norsk teolog, prest og diktar frå Helgeland i Nord-Noreg. Han er ein kjend representant for barokken i norsk litteraturhistorie, men er også ein figur i mange segner i folkeleg tradisjon. I tillegg til å vere prest dreiv Petter Dass òg med jordbruk og handel. Petter Dass skreiv songar og rimbrev gjennom heile sitt vaksne liv, men berre Dalevisa vart trykt medan han levde. På 1700-talet kom bøkene hans ut i mange opplag, Katekismesongane var den som fekk størst utbreiing blant folk flest. På midten av 1800-talet møtte diktinga hans ny interesse også i den kulturelle eliten, og då var det spesielt Nordlands Trompet som vart heldt fram. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34
Reinrose

Reinrose (Dryas octopetala) er ei fjellplante som veks på laus, kalkrik grunn i kjølige strøk på den nordlege halvkula. Planten har vore brukt som medisin i fleire samfunn, har gjeve namn til Dryas-tida, og er fylkesblom for Sør-Trøndelag.

Reinrosa høyrer til rosefamilien. Blada er bukttagga. Dei liknar på små eikeblad, noko som var grunnen til at Linné kalla reinrosa for Dryas, etter dryadene, små skognymfer som etter gresk mytologi budde i eiketre. Octopetala kjem av octo, 'åtte', og petala, 'kronblad'. Åtte er eit uvanleg tal på kronblad i rosefamilien. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35
Om gnr 21 Sinjarheim i Aurland heiter det m.a. «Sønjareim. Udt. si`njareim.  - -  Ligger nær en Tverelv til Hovedvasdraget og antages - - at kunne indeholde Gen. af et Elvenavn Sin. - - Nogen Forklaring af et Elvenavn Sin er ikke forsøgt. Det kunde mulig høre til Verbet sina (med langt i), blive gold eller tør, om Kjør, som ikke længer give Melk; i svenske Dialekter kan Ordet betyde "blive tør" om Brønd, Kilde. I det dermed beslægtede sina f., vissent Græs, er Rodvokalen kort, som her i Gaardnavnet.» Foto: Frode Inge Helland

Norske Gaardnavne er eit bokverk som vart utgjeve i åra frå 1897 til 1924 etter manuskript utarbeidd av professor Oluf Rygh. Bokverket inneheld normert skrivemåte, opplysningar om uttale, historiske skrivemåtar og tolkingsframlegg til namna på matrikkelgardane i Noreg. Det er vorte eit standardverk om stadnamn i Noreg, og eit føredøme for liknande publikasjonar i Sverige og Danmark.

I arbeidet med verket vart det samla informasjon om skrivemåtar av stadnamn frå tida før det språklege skiftet frå gamalnorsk til dansk skriftmål mot slutten av mellomalderen. I verket er det drøfta kva for grammatisk form namna har - mellom anna kjønn, tal, kasus og om namnet står i bunden eller ubunden form. Det er òg gjort greie for lydlege endringar gjennom tidene, om slike er dokumenterte. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36
FL fig04.jpg

Manatar (Trichechus) er ei slekt store pattedyr som lever i salt- og ferskvatn. Manatane er planteetarar, og bruker det meste av tida si til å beita. Normal storleik er 2,5 til 3 meter, og 300-500 kg. Dyr opp til 1,5 tonn er kjend.

Dei held til i grunne, sumpaktige kystområde og elvar i tropiske og subtropiske strok rundt Atlanterhavet, i både fersk- og saltvatn. Ein finn ein art i Amazonasbassenget, ein annan langs kysten frå Bahia i Brasil til Florida, og ein tredje langs Atlanterhavskysten av Afrika, frå Senegal til Angola.

Manatane er rekna som sårbare artar. I Florida og nokre søramerikanske land er det eit ivrig vernearbeide, mens han til dømes i Afrika truleg er truga av mellom anna jakt og vassdragsregulering. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37
Tradisjonell seng og skjermar i Emmerson & Green Hotel i Zanzibar. Foto: Lars Plougmann

Ekteskap i swahilikulturen. Ekteskapet er ein svært viktig del av swahilikulturen. Det regulerer samliv, seksualitet og status, og blir sett på som ein obligatorisk del av livet åt ein swahili. Som i andre kulturar er tradisjonane under utvikling og det er ikkje alt som er slik det var før. Det er også stor variasjon mellom ulike deler av den swahiliske kulturen. All swahilisk ekteskapstradisjon har likevel det islamske grunnlaget til felles. Sharialovene og Koranen med Muhammed som førebilete gjev spesifikke peikepinnar for korleis ein muslim skal leva, også når det gjeld ekteskapet.

Det er ikkje før ein har gifta seg at ein går over til å bli ein skikkeleg vaksen mann eller kvinne. Giftemålet kan seiast å vera den siste overgangsriten for å bli vaksen, sjølv om ein også i ettertid må vise at ein er fruktbar og får born. Les meir….
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38
Skisse av Haakon Lie

Haakon Lie (fødd 22. september 1905) er ein norsk arbeidarpartipolitikar. Han har vore partisekretær for Arbeidarpartiet (1945–69), sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet 1945-1969 og sekretær i Europabevegelsen (1970–73). Under andre verdskrigen var Lie knytt til LO sitt London-kontor, frå 1944 i USA.

Som politisk aktiv var Lie kjent for den uforsonlege linja si mot kommunismen og venstresida i sitt eige parti. Han var ein ivrig tilhengjar av NATO, og at Noreg skulle ha tette tryggleikspolitiske band til Storbritannia og USA. I tillegg er han kjend som ein tilhengjar av Israel, og jødane sin rett til ein eigen stat. Han har også gjeve ut ei rekke bøker. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39
München

München er ein by i Tyskland og hovudstaden i delstaten Bayern. Med 1,33 millionar innbyggjarar er byen den tredje største i Tyskland, og ein av dei mest velståande i Europa. Han har eit storbyområde på 2,6 millionar innbyggjarar, og i lag med Augsburg, Ingolstadt, Rosenheim, Landshut og Landsberg dannar han eit større byområde med om lag 6 millionar innbyggjarar. Den velståande katolske byen ligg ved elva Isar, og er i løpet av dei siste tiåra blitt eit av dei viktigaste teknologiske sentra i Tyskland og Europa. Motto for byen er «München mag dich» som tyder «München elskar deg». Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40
Funksjonalistisk arkitektur i det sentrale butikkstroket Grova

Norheimsund er kommunesenteret i Kvam herad i Hordaland fylke. Namnet er bygd opp av orda nor som tyder 'trongt sund', heim og sund. Det viser til sundet mellom Movatnet og Hardangerfjorden. Denne delen av Hardanger er fruktbar og det har truleg budd folk her heilt sidan siste istida. Helleristingar i området er datert til omlag 4000 fvt.

Heile det sentrale butikkstroket i Norheimsund vart lagt i oske under ein storbrann fredag 7. oktober 1932. Senteret vart bygd opp igjen i ein funksjonalistisk arkitektur i tida 1932 til 1934. Kvam herad fekk tettstadspris i 2000 for sitt arbeid med sjøsida i Norheimsund. Her er mellom anna ein gjestekai med servicebygg og ny kaipromenade.

Ein av dei best besøkte turistattraksjonane i Noreg, Steinsdalsfossen, ligg i Norheimsund. Sandven Hotel og Hardanger Fartøyvernsenter er tildelt Olavsrosa. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41
Regn av kattar og hundar

Regn er ein form for nedbør, og oppstår når vassdropar fell frå skyer og ned mot bakken. Visst regndropane fell ned i tørr luft kan dei av og til fordampe før dei når overflata. Dette blir kalla virga, eit fenomen ein vanlegvis ser i tørre ørkenområde. Regn oppstår som følgje av kondensasjon og veks ved hjelp av koalesens og ein prosess kalla Bergeronprosessen.

Regn har ei stor rolle i vasskrinslaupet, der fukt frå havet fordampar og kondenserer til skyer, for så å falle tilbake til jorda som nedbør, og til slutt renn tilbake igjen til havet via elver. Ein liten del av vassdampen i lufta kjem òg frå vegetasjon. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42
Ein kubikkmeter betong.

Betong er eit byggjemateriale som vert laga ved å blanda sement og vatn med sand, stein og andre tilsetjingsstoff. Sementen reagerer kjemisk med vatnet i ein prosess kalla hydratisering og blandinga stivnar. Riktig produsert og med normal bruk held betongen lenge og har stor styrke. Han kan støypast i faste former eller med forskalingar. Ein kan nytta han i faste anlegg som hus, bruer, demningar, golv og oljeplattformer, men òg til små og store lause ting som blomekasser og takelement.

Betong blei utvikla og teken i bruk på 1800-talet, og bruken blei vidareutvikla gjennom heile 1900-talet. Materialet er særleg knytta til funksjonalistisk arkitektur, men er også brukt i andre typar bygg, som det ekspresjonistiske Operahuset i Sydney. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43
Frå Brann-Lyn-kampen 2007

Sportsklubben Brann er ein fotballklubb frå Bergen. Klubben vart skipa i 1908 og tok sitt første seriegull i 1962, det andre i 1963 og det seinaste i 2007. I dag har klubben etablert seg som ein av toppklubbane i Tippeligaen og har teke medalje tre av dei fire siste sesongane.

Klubben spelar i dag heimekampane sine på Brann stadion i Årstad i Bergen, med ca. 17 700 plassar. Treningsanlegget ligg rett ved sidan av stadion der to grasbanar og to kunstgrasbanar vart ferdigstilt til sesongen 2007. Desse banene vart referert til som Nymarksbanane. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44
Tradisjonelt dekorert hus med dører frå Pyrgi på Khios.

Khíos er ei øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Ho ligg om lag 7 km frå kysten av Tyrkia. Khíos har i 2007 litt over 50 000 innbyggjarar. Mange khiotarar har flytta til storbyar på det greske fastlandet. Øya er kjend for sine mellomalderlandsbyar, den vakre naturen og det gode klimaet. Hovudeksportvaren frå øya er mastik, men det vert óg produsert oliven, fiken og vin. Internasjonalt er øya kanskje mest kjend for dei store og dyktige skipsfartsselskapa.

Nord for Khíos by ligg ein stor forstad kalla Vrondathos, som vert hevda å vere fødestaden til Homer. Klosteret Néa Móni frå 1000-talet ligg på Khíos og står på UNESCO si verdsarvliste.

Mellom 1556 og 1912 var Khíos styrt frå Det osmanske riket. Under den greske sjølvstendekrigen oppstod det eit opprør blant øybuarane i 1822. Som hemn gav den osmanske sultanen ordre om å massakrere alle innbyggjarane. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45
Kautokeino rundt 1800. Utsnitt frå ei gravering av A.F. Skjöldebrand.

Ved Kautokeino-opprøret i 1852 gjekk ei gruppe samar til åtak på representantar for det norske samfunnet. Opprørarane drap handelsmannen og lensmannen i Kautokeino, sette fyr på huset til handelsmannen og piska soknepresten og huslyden hos presten og handelsmannen.

Opprørarane vart overmanna av andre samar. To av opprørarane vart drepne i denne kampen. Sidan vart to av leiarane deira avretta ved halshogging. Opprøret er historisk eineståande; konflikt mellom samiske interesser og det norske storsamfunnet har elles ikkje ført til valdeleg konflikt med tap av menneskeliv. Etter opprøret følgde ein periode med sterkare fornorsking av det samiske folket i Noreg. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46
Havet rommer eit vell av ulike skapnadar. Her tarevekstar.

Marinbiologi er studiet av alger, dyr og andre organismar i havet og tilknytte saltvassområde, og av det økologiske samspelet mellom desse. Det vert rekna som ein eigen grein av biologien på grunn av den enorme kompleksiteten i dei marine økosystema.

Livet i havet disponerar enorme ressursar, særleg som mat men òg som medisin og råmateriale. Fordi ressursane i havet er så viktige for menneske, vert marinbiologisk forskning prioritert relativt høgt. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47
Geit.

Den tamme geita (Capra aegagrus hircus) er ein tamd underart av den ville geita som er å finna i Sørvest-Asia og Aust-Europa, eit klauvdyr som er nært i slekt med sauen. Geita vart først tamd for om lag 10 000 år sidan i dei iranske fjella Zagros. Geita har vore i bruk som husdyr over store delar av verda i fleire tusen år. Ein har fått mellom anna mjølk, kjøt, hår og skinn frå dyret. Frå slutten av nittenhundretalet har geita også vorte noko utbreidd som kjæledyr.

I snitt produserer ei god mjølkegeit 2,7 liter mjølk om dagen. Geitemjølk er lettare fordøyeleg for menneske enn kumjølk, og små born og personar med mjølkeallergi er rådde til å drikka geitemjølk. Mjølka treng ikkje å homogeniserast fordi ho ikkje inneheld proteinet agglutinin. Ho inneheld heller ikkje laktose. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48
Hjell med turrfisk

Tørrfisk eller turrfisk er usalta fisk som er naturleg tørka av sol og vind på hjell, stundom tørka i eigne tørkeri. Å tørke mat er verdas eldste kjende konserveringsmetode, og tørka fisk er haldbar i årevis. Metoden er også billeg, det kan gjerast av fiskaren sjølv og gjer fisken enklare å transportere til marknaden. Tørking av fisk er kjend frå gammalt av i Noreg; ordet «torsk» kjem av det norrøne turskr, av turrfiskr, som tyder tørrfisk.

Det er for det meste torsk som blir brukt til tørrfisk, andre fiskeslag som til dømes sei, hyse, brosme og lange blir brukt i mindre grad. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49
Hannibal kryssa Alpane med elefantar. Ei freske frå 1510 i Capitolinemuseuma i Roma

Punarkrigane er namnet på tre krigar utkjempa mellom Den romerske republikken og Kartago mellom år 264 og 146 fvt.. Dei vert kalla punarkrigane fordi det latinske uttrykket for kartagarane var punici (eldre poenici etter det fønikiske opphavet deira).

Hovudårsaka til punarkrigane var strid mellom det eksisterande kartagiske riket og den veksande romerske republikken. Romarane ønska å utvida riket sitt via Sicilia, som delvis var under kartagisk kontroll. Ved starten av den første punarkrigen var Kartago den dominerande makta i Middelhavsområdet, med eit omfattande herredøme på sjøen, medan Roma raskt fekk stadig meir makt i Italia. Mot slutten av den tredje krigen, etter meir enn hundre år og fleire hundretusen døde soldatar på begge sider, hadde Roma erobra Kartago og rasert byen, og vart slik den mektigaste staten vest i Middelhavet. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50
Mellomalderbyen Carcassone.

Carcassonne (oksitansk Carcassona) er ein festningsby sør i Frankrike i regionen Languedoc-Roussillon, i den historiske provinsen Languedoc. Byen er òg préfecture (administrasjonssentrum) i departementet Aude.

Han er delt i to av elva Aude. På høgre breidda av elva ligg den øvre festninga Cité de Carcassonne med mellomalderbusetnad og doble bymurar som gjev eit bilete av festningskunsten heilt frå 500-talet til 1300-talet. Festningsbyen i Carcassonne vart sett på UNESCO si verdsarvliste i 1997. Den nedre bydelen på venstre breidd, Bastide Saint-Louis eller Ville Basse (nedre by), har størst folkesetnad og er den delen som veks mest. Dei to bydelane er forbunde med to bruer, Pont Vieux og Pont Neuf. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51
Pakistans sjølvutnemnde statsleiar

Pervez Musharraf (fødd 11. august 1943) er ein yrkesmilitær general og leiar av Pakistan (sjølvutnemnd Chief Executive sidan 12. oktober 1999 og president sidan 20. juni 2001). Musharraf var leiar for det pakistanske militæret frå 1998 fram til han gjekk av i november 2007.

Medan det er kome mykje kritikk frå det internasjonale samfunnet mot militærstyret til Musharraf, kunne han fortsetja som diktator av landet i ei årrekke utan store problem. Dei viktigaste pakistanske opposisjonsleiarane, Benazir Bhutto og Nawaz Sharif, var i eksil, og Pakistan var inkludert i omverda. I 2007 blei protestane sterkare, mellom anna blei Pakistan utestengd frå Det britiske samveldet den 25. november 2007, og opposisjonsleiarane vende tilbake. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52
Engel under apokalypsen. Illustrasjon frå 900-talet.

Englar er i jødisk, kristen og muslimsk tradisjon Guds tenarar og bodbringarar. Både det hebraiske ordet mal'akh (hebraisk מלאך) og det greske ordet angelos (gresk άγγελος) tyder 'sendebod'. Når det i Bibelen er skrive om sendebod frå åndeverda, så vert desse orda omsette med 'engel'. Bibelen skildrar englane som individuelle personar med sin eigen personlegdom.

Læra om englar utvikla seg i jødedommen i tida etter eksilet i Babylon. Omtalen av englane syner trekk frå gamle religionar i Det nære austen; i mesopotansk tru dyrka dei andevesen med vingar. Englane fekk spele ei stor rolle i jødedommen og i den tidlege kristendommen på grunn av gudssynet: Dels meinte folk at Gud var ein fjern Gud, og dei trengte englane som bodbringarar mellom Gud og menneske. Dels meinte folk at dei sjølve ikkje var verdige til å tale med Gud, men måtte bruke englar for å tale for seg. Les meir…
Vis - Diskusjon - historikk


Utvald artikkel. Arkiv: 20042005200620072008200920102011201220132014

Kandidatar Bullet red.png Kalender

I dag er det fredag, 19. september 2014Oppdater sida (t)